Kvitsøy fyr: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:


===Det første vippefyret===
===Det første vippefyret===
Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit "realfyr" på Kvitsøy og ei sjølykt på [[Høyevarde]] i Karmsundet nord for [[Kopervik]]. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, [[Bergen]] og [[Trondheim]]. Tollarane på dei respektive plassane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 [[riksdalar]] per fartøy. Fyret på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Ein lang stokk var montert på ein trebukk. I den eine enden var ei korg med kol som ein tente på. I andre enden fanst eit tau slik at stokken kunne heisast og senkast. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy.
Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit "realfyr" på Kvitsøy og ei sjølykt på [[Høyevarde]] i Karmsundet nord for [[Kopervik]]. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, [[Bergen]] og [[Trondheim]]. Tollarane på dei respektive plassane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 [[riksdalar]] per fartøy. Fyret i Ydstebøhamn på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Det bestod av ei høg mast med påmontert tverrvippe. I eine enden av vippa hang ei eldpanne med brennande kol. I andre enden var eit tau, som ein kunne bruka for å heva og senka vippa. Oppheist hang eldpanna om lag seks meter over bakken. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy like ved det noverande fyrtårnet.


===Fyrdynastiet von Fyhren===
===Fyrdynastiet von Fyhren===
Linje 15: Linje 15:


Det lenge omtalte tårnet blei ikkje bygt før i 1829. Det var eit sekskanta tårn av murstein, 29 alen høgt, med kolbluss på toppen. I 1850-åra skjedde ei ombygging av fyret.  
Det lenge omtalte tårnet blei ikkje bygt før i 1829. Det var eit sekskanta tårn av murstein, 29 alen høgt, med kolbluss på toppen. I 1850-åra skjedde ei ombygging av fyret.  
Tårnet vart gjort 15 fot høgare, ny lykt sett opp og linseapparat innstallert. Ein ny betjentbustad med uthus blei også reist. Kolfyret vart sløkt for siste gong i 1859. Ved foten av fyret kan ein framleis finna kolbitar som vitnar om fyret si tidlege historie. Nye utbetringar følgde rundt 1890. Fyret fekk okkulterande lys i staden for blink og ny lampe. Ei ny stor lykt kom på plass i 1907. Lampar med veike vart erstatta av elektriske glødelampar i 1912, medan elektriske glødelampar gjorde sitt inntog i 1938, etter at Kvitsøy hadde fått kommunalt elektrisitetsverk.  
Tårnet vart gjort 15 fot høgare, ny lykt sett opp og linseapparat innstallert. Ein ny betjentbustad med uthus blei også reist. Kolfyret vart sløkt for siste gong i 1859. Ved foten av fyret kan ein framleis finna kolbitar som vitnar om den tidlege historia. Nye utbetringar følgde rundt 1890. Fyret fekk okkulterande lys i staden for blink og ny lampe. Ei ny stor lykt kom på plass i 1907. Lampar med veike vart erstatta av elektriske glødelampar i 1912, medan elektriske glødelampar gjorde sitt inntog i 1938, etter at Kvitsøy hadde fått kommunalt elektrisitetsverk. Fyret blei automatisert i 1969. 


Kvitsøy fyr er det eldste fyret i landet som framleis er i drift. Fyrvaktarbustaden, som romma både fyrvaktaren og fyrassistenten med respektive familiar, er i dag bibliotek. Fyrnaustet i hamna er overteke av private. Besøkande kan gå opp i tårnet og beundra den imponerande utsikta over skjergarden og havet.
Kvitsøy fyr er det eldste fyret i landet som framleis er i drift. Fyrvaktarbustaden, som romma både fyrvaktaren og fyrassistenten med respektive familiar, er i dag bibliotek. Fyrnaustet i hamna er overteke av private. Besøkande kan gå opp i tårnet og beundra den imponerande utsikta over skjergarden og havet.
===Litteratur===
Ersland, Bjørn Arild Hansen: ''Fyrene rundt Norges sydspiss. Kulturhistorisk veiviser til fyrene i Rogaland og Vest-Agder''. Høyskoleforlaget, 1999
Fyllingsnes, Frode: ''Karmøys historie. B. 3: Fra reformasjonen til 1800''. Karmøy kommune, 2004
''Fyrhistorisk årbok''. Utgitt av Randaberg kommune. 1995-
Rode, C.F.: ''Norges fyrvesen. Fyr-, merke og ringevesenet gjennom 250 år''. Steenske forlag, 1941