Kystled Nærøyfjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 10:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke» til «Kategori:Vestland fylke [[Kategori:Sogn og Fjordane»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kystled Nærøyfjorden.

Kystled Nærøyfjorden er eit nettverk av overnattingsstader med båtutleige langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Kystleden blei opna 9. juni 2006. Indre Sogn kystlag eig tre sognebåtar, som vert leigd ut. I tradisjonell robåt og med enkel overnatting får ein høve til å oppleva fjordlandskapet i Aurland kommune på ein miljøvenleg måte. Nærøyfjorden er 17 km lang og berre 250 meter bred. Stupbratte fjellsider reiser seg på begge sider og talrike fossar kaster seg utover fjellsidene. Fleire stader ligg små forlatne, vegløse grender og vitnar om ei tid der fjorden var einaste ferdselsåre.

Ekstern lenke