Lars Eskeland

Lars Øysteinsson Eskeland (fødd 6. mars 1867Stord, død 30. september 1942 i Bergen) var folkehøgskulestyrar, forfattar og målmann. Han var òg ved sidan av Sigrid Undset ein av dei mest kjende konvertittane til Den katolske kyrkja i mellomkrigstida.

Slekt og familie

Han var son av bonde Øystein Larsson Eskeland (1840–1933) og Mari Larsdotter Vatna (1844–1932). Han var bror av Lars Severin Eskeland (1880–1964).

Den 30. juni 1893 vart han gift med Marta Nerhus (1867–1925). Ho var dotter av gardbrukar Samson Olsson Nerhus (1817–1869) og Martha Jonsdotter Skaala (1828–1914).

Liv og virke

Lars Eskeland var den nest eldste i syskenflokken på Nedre Eskeland på Stord. Han vart tidlig oppteke av lesing og skriving, og var ikkje så glad i å hjelpe til i arbeidet på garden. Han fekk eit kurs på Sunnhordlands amtsskule, og så kom han inn på Stord seminar. Då han gjekk ut derifrå i 1886 var det mest dei beste karakterane i klassen. Han var så lærar i framhaldsskulen i Granvin vinteren etter. Så følgde eitt år som lærar hos Paul BerghHalsnøy folkehøgskule og eitt år hos Stein HaugeStrandvik folkehøgskole. Vinteren 1889/1890 fekk han seg meir utdanning på Askov Højskole i Danmark, som var eit senter for folkehøgskulerørsla. Han var så ved Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania i nokre år, og han las tysk, engelsk og fransk privat. Seinare skulle han òg ha fleire studieopphald, mellom anna i Cambridge og Oxford.

I 1892 vart Eskeland lærar ved Elverum seminar, der han var til 1895. Han skipa så Voss folkehøgskule saman med Olaus Alvestad. Frå 1898 var Eskeland styrar åleine. Han kjøpte i 1902 garden Seim ved Vossevangen, der han bygde ut skulen. Voss folkehøgskule vart i hans tid ein av dei fremste i landet, og hadde på det meste meir enn 180 elevar i året. Eskeland var kjend som ein god lærar, og særleg var han sterk i norskfaget. Bland hans elevar finn vi namn som Olav Sletto, Sjur Bygd, Tore Ørjasæter, Ragnvald Vaage og Tarjei Vesaas.

I 1925 konverterte både Lars Eskeland og kona til Den katolske kyrkja. Dei budde den tida i Arendal, og gjekk til undervisning hos pater Coelestin Riesterer i Kristiansand. Det kom sterke reaksjonar på konverteringa, også frå dei næraste. Då Stortinget i 1927 vedtok, med 83 mot 59 røyster, at Voss folkehøgskule ikkje skulle få statstilskot så lenge Eskeland var skulestyrar var hans katolske tru ein viktig faktor. For å løyse dette problemet overlet han styrarjobben til sonen Øystein Eskeland, og haldt sjølv fram som timelærar ved skulen. For Eskeland kom ikkje tilnærminga til det katolske berre ut ifrå religiøse funderingar, men vel så mykje ut frå tankar om det nasjonale, om arva frå Olav den heilage. Han såg den lutherske trua, som han meinte eigentleg ikkje hadde sett seg skikkeleg i Noreg før på 1800-talet, representerte det moderne, eit brot med dei norske tradisjonane.

Eskeland gav ut den fyrste læreboka si i norsk i 1892, og språket var ei viktig sak for han. Han var frå 1898 til 1905 den fyrste formannen i Voss Mållag, og frå 1904 til 1911 fyrste formannen i Vestlandske Mållag. Det endte ikkje der, for frå 1928 til 1942 var han òg den fyrste formannen i Norsk Måldyrkingslag. Eskeland var motstandar av tilnærminga mellom nynorsk og bokmål i rettskrivingsreforma av 1938.

Han var òg ein populær talar. Gjennom femten år tala han på landsmøta til Norges Bondelag, og han reiste landet rundt for å tale på stemner, årsmøte og festar.

Politisk knytta han seg til bondestanden, og han meinte at marxismen – som den gong sto sterkt i Arbeidarpartiet – ville føre til undergang for det kristne grunnsynet. Industrialiseringa frykt han at ville øydeleggje mykje av bondekulturen. Trass i dette var det Arbeidarpartiet som hadde røysta for tilskot til folkehøgskulen også med Eskeland som styrar.

I 1925 fekk han Kongens fortenestmedalje og i 1935 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Litteratur