Lars Jorde

Lars Jorde (fødd 22. juli 1865 i VangHedmark, død 25. september 1939 i Lillehammer) var målar, særleg kjent for sine landskapsmåleri. Han var sentral i krinsen av kunstnarane som dyrka det nyromantiske stemningsmåleriet i 1890-årene, men frå 1905 vart ein lysare og lettare impresjonistisk teknikk dominerande. Frå 1905 og livet ut var han busatt på Lillehammer.

Lars Jorde framfor eit av måleria sine.
Foto: Narve Skarpmoen / "Portrett, kunstmaler"
Nasjonalbiblioteket

Familie

Lars Jorde var son av dekorasjonsmålar Lars Jenssen (Havnen) (f. 1829) og Marthe Hansdatter Norderhaug (f. 1827). Han vart gift i 1905 med Thora Groth (1881–1969), ekteskapet oppløyst, dernest i 1915 med målar Christiane Henriette Biørn (1876–1950).

Liv og virke

 
Julegilde av Lars Jorde (1895/1896), med motiv frå Skoug gård i Ringsaker.
Foto: Nasjonalmuseet (fri lisens)

Lars Jorde voks opp i Vang utanfor Hamar. Han var medhjelpar for faren som dekorasjonsmålar og arbeida dernest i bokhandel på Hamar. I 1889 vart han elev ved Den kongelige Tegneskole. Målaren Gerhard Munthe vart ei viktig inspirasjonskjelde for han i denne tida.

I 1893 var Jorde i et halvt år elev av Alfred Roll i Paris. Sommaren 1894 budde han i Vågå i Gudbrandsdalen saman med fleire andre kunstnarar, mellom anna Kristen Holbø, Halfdan Egedius og Thorvald Erichsen. Dei vart viktige for den vidare utviklinga hans innan nyromantikk og symbolisme.

Vinterane 1894/1895 gjekk Jorde på målarskulen til Eilif Peterssen og Harriet Backer og vinteren 1896/1897 gjekk han hos Kristian Zahrtmann i København. Våren 1897 drog han til Paris og vidare til Cività d'Antonio under Zahrtmanns ledelse og dernest til Firenze og Roma. Der vart han i 16 måneder.

Etter ei rekke fleire opphold i utlandet dei neste åra, var Jorde frå 1905 og livet ut var Jorde busatt på Lillehammer, der han vart ein sentral del av kunstarkrinsen. Frå 1915 budde han i eit hus teikna av Arnstein Arneberg, reist for Thorvald Erichsen i 1912.

Som døme på måleria til Jorde kan nemnast En sen Høstkveld, Vågå (1894), Julegilde (1895–1896) og Et bakket landskap i aftensstemning (1899). Han laga og dekorasjoner til Vingrom kapell i 1908, til elevsalen på Landbrukshøgskolen på Ås og til Granheim sanatorium. Han mala og altertavlen til Sjøli kapell i Ytre Rendalen.

Jorde stilte ut på Høstutstillingen ved ei rekke høve, og var deltakar på fleire utanlandske utstillingar. Måleria hans er å finne i dei største offentlege samlingane i Noreg, i tillegg til i Göteborg og København.

Ettermæle

 
Lars Jorde er gravlagd på Lillehammer kirkegård.
Foto: Elin Olsen (2017)

I et redaksjonelt minneord i Aftenposten si aftenutgåve 25. september 1939 var Lars Jorde omtala slik (utdrag):

Lars Jordes friske og elskverdige kunst vil være velkjent fra hans mange utstillinger både her i byen og andre steder og i de fleste norske billedgallerier er han representert. Med forkjærlighet dyrket han landskapet, og hans billeder fra fjellet og fjellbygdene inntar en central plass i hans kunst. Ved flere utstillinger i utlandet opnådde han utmerkelser for sine landsskapsskildringer.

Jorde er gravlagd på Lillehammer kirkegård.

Galleri

Kilder