Laurits Kronen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenker + tilleggsopplysning)
(kategori (Målfolk))
Linje 27: Linje 27:
[[Kategori:Personer fra Rennebu kommune]]
[[Kategori:Personer fra Rennebu kommune]]
[[Kategori:Personer fra Modum kommune]]
[[Kategori:Personer fra Modum kommune]]
[[Kategori:Målfolk]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]

Sideversjonen fra 12. feb. 2013 kl. 13:41

Laurits Kronen (fødd 21. september 1880 i Jostedalen, død 5. mai 1967 i Modum) var lærar. Han var son av gardbrukar Tøger Larsson Kronen (1843-1909) og Maria Larsdotter (1853-1908).

Laurits Kronen gjekk Sogndal folkehøgskule og deretter Elverum lærerskole der han tok lærareksamen i 1903. Same året vart han tilsett som lærar i Jostedalen. Frå 1908 var han lærar i Oppdal, men i 1911 kom han og Anna attende til Jostedalen der han no arbeidde som lærar til 1919. Då gjekk turen fyrst attende til Sør-Trøndelag der Laurits var lærar og kykjesongar i Rennebu før han vart lærar på Vikersund i Modum i 1921. Ekteparet slo seg ned på garden Jonsrud, og her budde dei livet ut.

I arveoppgjeret etter foreldra Tøger og Maria fekk eldstesonen Lars heile farsgarden Kruna, men han selde vidare til i 1911 til svogeren Peder Pederson Grov. Laurits tok så Kruna på odel (skøyte 26. september 1912), og han og Anna dreiv garden så lenge dei budde i Jostedalen. Eldstsonen Lars gjev i boka Indtryk og minder ei lite flatterande skildring av faren og oppveksten på Kruna.

Laurits Kronen var engasjert i målsaka og sentral i målarbeidet i Jostedalen dei to periodane han budde i bygda. Han var styremedlem i Jostedal mållag frå skipinga i november 1906. Han var truleg òg forfattaren av eit avisinnlegg om folkerøystinga om unionsoppløysinga i Jostedalen i 1905.[1] Han var dessutan aktiv i Venstre og fråhaldsrørsla.

Laurits og Anna fekk i alt elleve born, fire søner og sju døtrer.

Notar

  1. 1905 i Jostedalen (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur