Lensadel: Forskjell mellom sideversjoner

1 613 byte lagt til ,  18. jan. 2012
ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Lensadel''' tyder generelt adelsmenn som har gods og ymse særrettar i forlening frå kongen mot truskap og tenester. Det germanske ordet ''len'' har etymologisk same rot som vårt n...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 4: Linje 4:

Den nye standen, som i stor mon bestod av nyadla personar, skulle reknast som den mest fornemme av adel i riket. Grevane og baronane vart plasserte høgt i rangen, til dels nest under den kongelege familie, og generelt framom den gamle adelen.  På sine våpenskjold kunne dei nyadla setje høvesvis greve- og friherrekrone, alternativt hjelm med elleve traller for grevar, sju for friherrar. Grevane skulle titulerast «høy- og velbårne», friherrane «høyedle og velbårne». Grevane sine yngre døtre og søner skulle ha friherretitlar, og ei grevedotter kunne til og med tiltalast som «frøken», noko som til da berre hadde vore brukt om kongsdøtre.

== Opprettinga 1671 ==
Lensadelen vart innstifta ved to kongelege forordningar, «Grevernis Privilegier» og «Fri-Herrernis Privilegier», båe daterte [[25. juni]] [[1671]]. Friherre blir i Norden brukt synonymt med baron. Saman med den fyrste [[Leksikon:Rang|rangforordninga]] som var utferda same dagen, og innføringa av [[Rangadel|rangadelen]] i [[1679]], gjorde etableringa av lensadelen sitt til å omforme adelskapet for å få det til å passe betre med eineveldets ideologi og styringssystem.  Det var ei politisk rådgjerd som skulle motverke eventuelle forsøk frå den gamle adelen si side for å vinne att dei rettane og den makta som hadde vorte fråteke dei i og med innføringa av eineveldet. Med historikaren [[Knut Myklands]] ord  var føremålet frå kongens side «dels å skape en stand som skulle kaste glans over kongen og var avhengig av kongen, dels å degradere den gamle adelen ved at grevene og baronene ble stilt foran dem i rang.»<ref>Mykland, K. 1977:140</ref> Og Mykland påpeikar i samband med dette at i berre eitt av dei åtte nye grevskapa (i Danmark og Noreg) var greven ein representant for den gamle adelen.
Ein av dei viktigaste nye tids menn, kongens kammersekretær (m.m.m.) [[Peder Schumacher]], stod sentralt i utforminga av systemet med rangorden og lensadel. Han vart sjølv adla under namnet Griffenfeld same året som lensadelen vart instituert, og opphøgd til greve to år seinare, den 26. november 1673. Med grevetittelen følgde det tidlegare [[Tønsberg amt]] i forlening som nytt grevskap.
== Referansar ==
<references/>
== Kjelder og litteratur ==

[[Kategori:Adel]]
[[Kategori:Adel]]
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer