Lesja kommune

Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3432
Fylke Innlandet
Kommunesenter Lesja
Areal 2259.5  km²
Areal land 2175.91  km²
Areal vann 83.59  km²
Folketall 2 038 (2018)
Grunnlagt 1838
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Om kommunen

Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.

Den 25. september 1941 skjedde den fryktelege Gautsjøulykka i Lesja.

Sjå òg

Kart

Eksterne lenkjer

Litteratur