Lislestog (Bykle gnr 14/39, 62): Forskjell mellom sideversjoner

bilete
Ingen redigeringsforklaring
(bilete)
Linje 41: Linje 41:

Etter at butikklokala vart hotellanneks var det visst ingen annan aktivtet her på lange tider. Men fyrst på 1960-talet kom målaren Morten Henriksen hit, og fekk sett seg opp atelier like ovanfor hotellannekset.  

{{thumb|Byklum 120.jpg|Kvinna til høgre på biletet er Mette Borchgrevink. Her er ho saman med Tore og Knut Mosdøl i slåtten i Mosdøl sumaren 1950. Foto: Morten Henriksen, frå samlinga til Tore K. Mosdøl.}}
* '''Morten Henriksen''', f 1922, d 2001  

: g 1. ca 1946 m Mette Borchgrevink, ikkje born.

Linje 58: Linje 59:
I 1983 ynskte Henriksen å overlate ansvaret for samlinga si til andre. Det fekk han til, men saka var ikkje heilt utan komplikasjonar. Dei kjem me litt attende til nedanfor. Etter at han fekk kvitta seg med alle dei gamle husa sine, kasta Henriksen seg over eit nytt fagfelt: afrikansk kunst. Han dreiv då i 10-15 år galleri i Oslo med hovudvekta på dette omkvervet, og bygde opp den kanskje største samlinga med afrikanske kunstverk her i landet.  

{{thumb|Byklum 121.jpg|Flatelands-stoga i Lislestog. Bilete frå kommunearkivet.}}
Henriksen hadde bode Bykle kommune å overtaka samlinga si til bygdetun for 1,1 mill. kr. Rådmann Arne Trondsen innstilte på å takke ja til dette tilbodet, men fekk ikkje kommunestyret med seg. Men Trondsen meinte at bygdetunet var eit viktig tiltak for bygda, og at det ikkje var forsvarleg å taka sjansen på at samlinga skulle gå i oppløysing. Difor sette han, som privatperson, same kvelden som han hadde lide nederlag i kommunestyret, i gang med å organisere ei privat stifting som skulle eige og drive bygdetunet. For å sikre at pengane ikkje skulle gå tapt for gjevarane, dersom planen ikkje skulle lukkast, vart «Stiftelsen Morten Henriksen Samlingen» organisert i namnet åt [[Øvre Setesdal Folkeminnelag]]. Men stiftinga greidde faktisk å reise dei påkravde midlane frå ein kombinasjon av private og offentlege ytarar. Dei siste kr. 300 000 kom som ei løyving frå Bykle kommunestyre, der stemninga etter kvart hadde snudd seg.  