Lista og Mandals fellesforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. des. 2020 kl. 11:52 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets.

Starten

Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.

Laurdag 7. juni 1902 var 29 utsendingar frå Åseral i nord til Spangereid i sør samla i Spangereid bedehus for å danne ein ny krins for Det norske lutherske Kinamisjonsforbund som organisasjonen heitte til og med 1949 då namnet blei forandra til Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei fleste av Misjonssambandet sine krinsar vart stifta rundt førre århundreskiftet. Fyrst ute var «Kristiansands kretsforening for Kinamisjonen» som kom til så tidleg som i 1896.

Alle foreiningane var representerte på møtet i Spangereid i 1902, bortsett frå foreiningane i Farsund og Spind. Oscar Handeland fortel at sterk motvind hindra dei i å rekke fram til møtet. Utsendingane kom frå Mandal, Halse, Holum, Valle, Konsmo, Austad, Grindheim, Lyngdal, Åseral og Spangereid.

Ordskiftet om å danne den nye krinsen gjekk fort og greitt. På to til tre timar var alt unnagjort «med enstemmighet omtrent over alt». Krinsen skulle heite «Lister og Mandals krets», og styret skulle ha sete i Mandal og ha sju medlemer. Dei fyrste som vart innvalde i krinsstyret, var: lærar Laurits Nilsen, kjøpmann Theodor Olsen, kjøpmann Theodor Gabrielsen, kjøpmann Gabriel Saanum, alle frå Mandal og Halse; snekkarmeister John Olsen, Farsund; kaptein G. Salvesen, Spind; lensmann Lars Konsmo, Lyngdal. Nilsen blei formann, Theodor Olsen nestformann og Saanum kasserar. Laurdag kveld heldt dei fest. Kva som skjedde på sundag, skildrar Oscar Handeland:

Sundagen rann med fint ver og roleg hav. Vinden hadde stilna. Frå alle kantar strøymde folk mot kyrkjestaden på Spangereid. Dei kom med eimbåt, sjekter og robåtar og på alle vegar. Kor skulle ein få hus til ei slik folkemengd? Om ein fylte både kyrkja og bedehuset, so kom snaut halvparten inn. Det var samla fleire tusen mennesker.

So bar det ut på leiting etter ein høveleg plass i «trefoldighets»-kyrkja, og den fann dei under ein bratt berghamar eit stykke ovanfor «kongsbrygga» ved Njervefjorden der dampbåten legg til. Ei bukt som heiter Store-Båli, går her inn mot land. Frå bukta og eit stykke oppover tøyer seg ei fin, flat sandstrand, lenger oppe tek lyng og gras fat. I bakken under berghamaren ligg fleire store steinar. Ein av dei, som er mest flat oppå, tok dei til talarstol, og folket slo seg ned i graset og lyngen eller på mindre steinar rundt om.

Det var eit storfelt syn: havet lengst ute i horisonten, dei mange bukter og fjordarmar, det flate Spangereidlandet med høge fjell rundt om, og so den store folkesamlinga og songen som brusa frå tusentals munnar! To sinte hundar heldt ei stund på å øyda høgtidsfreden, dei slost og ylte som berserkar. Men omsider blei dei stogga, og møtet gjekk sin gang. Det var lensmann Konsmo frå Lyngdal som opna møtet, og so tala Brandtzæg over evangelieordet på dagen. Han samla det han hadde å seia i to hovudpunkt: Gud vil frelsa mennesket, men mennesket er uviljug til å lata seg frelsa. Talen blei framført med stor kraft og gav mykje både for kjensla og for tanken.

Etter middag samlast dei på same staden og samtala då om dei tre første versa i Salme 87. Misjonær Seyffarth innleidde samtalen, og mange hadde ordet. Det blei ogso tala om misjonen. Brandtzæg tok fram dei to store ankemål mot Forbundet i den tida: at det brukte for mange pengar heime, og at det var uluthersk. Han greidde først ut om korleis dei brukte pengane, heime og ute i Kina, og so slo han fast at Forbundet hadde same læra som Det norske misjonsselskap, men ikkje same kyrkjeskikkar på misjonsmarka. Ved barnedåp spurte dei ikkje fadrane, men brukte same måten som i den svenske kyrkja: den som døyper, seier fram trua som barnet blir døypt på. Og so blir misjonærane i Forbundet ikkje vigsla av ein biskop, men av fellesstyret.

Det var lyst ut møte ogso måndag, men dei venta lite folk då. Det slo ikkje til, kyrkja var full både føre- og ettermiddag, «og dertil et velsignet samvær,» skriv Brandtzæg. «Vi merket at Guds ånd rørte ved hjertene.»

Ja, det gjorde visst dei fleste som var med i Spangereid desse dagane. Misjonsfolket drog heim att med nytt mot, og mange som før hadde visst lite om Forbundet og hyst uvilje mot det, fekk eit anna syn frå den tid. Frå dei yste øyar og opp til dei øvste bygder i Marnadalen gjekk gjetordet om møtet, og dei tala om det i lange tider etterpå.[1]

Henrik Seyffarth, misjonær.

I årsmeldinga for 1902 skreiv Laurits Nilsen på sin artige måte om den nye krinsen:

Hva navn burde den egentlig ha hatt? Jo, verken mer eller mindre enn «TOMMELITEN» sier og skriver Tommeliten! At dog verken teologer , lærere eller andre skikkelige mennesker kunne komme med et sådant forslag! Det ville ha seiret med knusende majoritet! – Visstnok heter det i statuttene at «kretsen» består av foreninger innen fylket vårt som slutter seg til den. Men fylket vårt, ja dets historie med hensyn til kretsinndeling minner ikke lite om «Polens deling». Stavanger i vest ha skåret en nokså bred rem, og vår østlige nabo Kristiansand, har vært nokså nærgående på den kant. Vårt erobringsfelt er således meget begrenset, og vårt rike kan under ingen omstendigheter bli noen «stormakt» selv om der innen hver sokn blir dannet foreninger.

Det er mykje rett i det Laurits Nilsen her skriv. Då Stavanger krins blei stifta i 1900, tok den med seg området heilt til Kvinesheia og Haddelandsheia. I aust hadde Kristiansands krins arbeid i Søgne, Greipstad og Finsland. I 1907 gjekk Åseral over til Kristiansands krins. Området for Lister og Mandals krets vart då dei to byane Mandal og Farsund og dei 19 sokna: Halse og Harkmark, Holum, Øyslebø, Laudal, Bjelland, Grindheim; Konsmo, Vigmostad, Sør-Audnedal, Spangereid, Spind, Lista, Herad, Austad, Lyngdal, Kvås, Hægebostad og Eiken. Arbeidet i denne vesle krinsen skaut god fart inn i det nye hundreåret som nett var begynt.

Røter

Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær.

Impulsene frå Kina Innlandsmisjon og bladet Chinas Millions skapte på denne tida også i Norge interesse for å drive misjon i Midtens Rike. I Den lille Samler skreiv Laurits Nilsen mellom anna: «Det er med hjertelig glede at jeg nå om dagene både i forskjellige blad og i private skrivelser leser om misjonsarbeidet i det uhyre riket.» Vidare skriv han: «Særlig interesse får jo gjerningen der nå da den så smått er begynt å drives med norske arbeidere. Stort var det i sannhet om vi norske riktig med liv og alvor kunne komme inn i den umåtelige høst i Kinas innland.» I mars 1889 skreiv Laurits Nilsen i bladet sitt: «En kjær og kjent ung bror i Mandal, H.S., har like fra sin omvendelse for noen år siden følt et sterkt kall til å tjene Herren som misjonær i hedningeverden.» Nå bad Nilsen om «en liten håndsrekning» til den unge mannen som ynskte å reise til Kina som misjonær. Og oppfordringa om å gje ei lita handsrekning gav så mange pengar at Henrik Seyffarth fekk nok både til skulegang og ein studietur til England.

Ein annan ungdom, Ludvig Johnsen, som tilhøyrde det same kameratlaget som Seyffarth, kjente også på kallet om å reise til Kina som misjonær. Etter ei tid fortalde han om kallet til Laurits Nilsen. Og Nilsen skuva på han. Nilsen meinte han og Seyffarth kunne støtte kvarandre. Også mellom unge kvinner i Mandal var kallet fra Kina levande. Ei av dei, Petrea Næss, reiste til Kina i 1890, utsendt av Giverholts forsamling i Trondheim.

20 august 1890 talte Thormod Rettedal i Mandal bedehus for ei stor forsamling. Rettedal var utsendt frå den såkalla Bergenskomitéen som ivra for å få til ei samling av det spreidde kinamisjonsarbeidet som fanst kring i landet. Han slo til lyd for at dei so absolutt burde få ei foreining for kinamisjonen også i Mandal. I dette fekk han god støtte av Laurits Nilsen som hittil hadde teke seg kinamisjonsarbeidet. Også forsamlinga var samd i dette, og eit styre på fem medlem med Laurits Nilsen som formann vart vald. Slik vart kameratlaget Misjonsarbeideren organisert til ei fast foreining.

Både Henrik Seyffarth og Ludvig Johnsen var mellom dei første åtte utsendingane for Kinamisjonsforbundet som hausten 1891 forlet Noreg med kurs for Kina. Ludvig Johnsen døydde av dysenteri i 1893. Henrik Seyffarth kom heim frå Kina i 1907 på grunn av helsa. Her virka han i mange år som hovudkasserar og forkynnar. Med eld og glød forkynte han evangeliet og la misjonsansvaret inn over tilhøyrarane.

I 1890-åra var Laurits Nilsen drivkrafta i Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i Vest-Agder. Gjennom bladet sitt Den lille Samler skreiv han om misjonen, tok imot pengar og talte misjonens sak alle stader han kom. Han nemner i årsmeldinga for 1895 at «motstand eller uvilje mot Kinamisjonen er nå på disse kanter kun kjent av navn».

Men nye foreiningsskot skjedde ikkje dei fyrste åra. Nokre kvinneforeiningar sende noko av inntekta si til Kinamisjonsforbundet. I siste halvpart av 1890-talet virka fleire forkynnarar i bygdene vest og nord for Mandal. Det gjeld særleg Andreas Hjorteland, Jakob Halhjem, Knut Høynes og Henrik Seyffarth då han var heime frå Kina i 1897-99.

Arbeidet bar frukt. I 1899 blei det stifta misjonsforeining i Farsund og Lyngdal og i 1901 i Spind, Grindheim og Åseral. I Konsmo blei foreininga skipa i 1902. Våren 1902 blei Halse skild ut so eiga foreining. Laurits Nilsen som budde på Tuftenes vest for Mandal, styrte med arbeidet i Halse. Truleg var det misjonsforeiningane i Mandal og Halse med Laurits Nilsen som pådrivar som gjekk inn for ei krinssamling med Mandal som naturleg sentrum. Nilsen visste at no var mange krinsar for Kinamisjonsforbundet stifta i Noreg. I årsmeldinga for 1901 som Nilsen skreiv våren 1902, står mellom anna:

Som en «offentlig hemmelighet» kan det meddeles at vi så smått tenker på og arbeider for kretsdannelse også for Kinamisjonen – Lister og Mandals krets blir den måskje kalt. Litt konferanse innen misjonens «spisser» er begynt dessangående, og det synes å tegne seg nokså lovende.

Lister og Mandals krets veks og kjem bort

Vest-Agder ungdomsskole, seinare Kvås Folkehøgskole.

Den lille Lister og Mandals krets arbeidde godt og effektivt. Kinamisjonsforbundet vart snart kjent rundt i heile krinsen. Emissærer både frå fellesstyret/hovedstyret og krinsstyret bygde vidare på den grunnen Laurits Nilsen hadde lagt gjennom si forkynnerverksemd og alt han skreiv om kinamisjonen i bladet sitt. Fyrste året etter at krinsen var stifta, verka Torje Fiskland frå Åseral, Peter A. Farestad fra Halse, Tobias Lehne og August Kvås frå Lyngdal som emissærar i til sammen sju månader. I 1907 hadde talet på emissærar auka frå fire til sju. I 1907 var det organisert arbeid for Kinamisjonsforbundet i 18 av dei 19 sokna som krinsen omfatta. Over 50 kvinneforeiningar støtta arbeidet, men halvparten av desse gav pengar også til andre misjonar. I fleire bygder var det barneforeiningar.

I 1907 slutta Laurits Nilsen som krinsformann og Theodor Olsen tok over. Handeland skriv at i dei åra Olsen var formann, «gjekk ikkje arbeidet fram so mykje i det ytre, men det vaks i indre styrke». Olsen slutta som krinsformann i 1916. Arbeidet med å administrere krinsen var blitt så tidkrevjande at Olsen syntest ikkje han makta det. Ein freista å få til ei ordning saman med Kristiansands krets om ein fastløna sekretær, men naboen i aust ville ikkje ha nokon sekretær. Dermed måtte dei finne ein formann som kunne avsetje endå meir tid til sekretærarbeid enn Olsen hadde høve til. Valet fall på skipsreiar T. M. Thomassen. Men alt i 1917 blei Andreas Hjorteland tilsett som løna sekretær. Både Thomassen og Hjorteland hadde stor tillit mellom misjonsfolket. Men då den økonomiske nedgangsperioden sette inn i 1920, var det ikkje lett å stå i leiinga for arbeidet. I 1921 opna Vest-Agder private ungdomsskule i Kvås. Det var eit tungt løft i ei nedgangstid. Handeland kan ha rett i at «korkje Thomassen eller Hjorteland hadde si sterke sida i å eiga oversyn eller kunna leida eit arbeid». I ein vanskeleg periode er slike eigenskapar heilt nødvendige.

Vest-Agder ungdomsskule, seinare Kvås Folkehøgskole, vart sett i drift i 1921. Omkring 1920 satsa Kinamisjonsforbundet sterkt på skulefronten. Då starta ein opp ungdomsskule på Fjellhaug i 1919, Tryggheim på Jæren i 1919 og Rødde i Melhus i Trøndelag i 1920. Ein drøfta ei tid å starte ein ungdomsskule saman med Indremisjonen, men det skar seg i spørsmålet om Ungdomsforbundet skulle vere med eller ikkje. Så bestemte Lister og Mandals krets av Kinamisjonsforbundet seg for å take skeia i eiga hand og reise skulen. Mange gjorde ein stor innsats for å få reiste skulen, ikkje minst den vesle Kvås kommune som gav kr. 30 000,-. Dette var eit tungt løft for ein liten kommune.

Torstein Flottorp.

Torstein Flottorp frå Hægebostad, som hadde vore elev på misjonsskulen hos Johannes BrandtzægFramnes, og som var styrar på Tryggheim på Jæren dei to fyrste åra den skulen var i drift, blei tilsett som styrar på Kvås. Han hadde også vore med i planlegginga av ungdomsskulen på Kvås. Skulen stod ferdig i oktober 1921. Bygdefolket hadde gjort ein stor dugnadsinnsats og skulens vener over heile krinsen hadde vist omtanke og offervilje. Av dei cirka kr 180 000,-. som det kosta å få reist skulen, var gjelda på kr. 80 000,-.

30. oktober vart skulen vigsla. Stortingsmann Nils Belland heldt vigslingstalen over ordet i Sal 118 24-26. «Dette er dagen som Herren har gjort, lat oss fryda oss og gleda oss på han.» Mange gledde seg over at den staselege bygningen som inneheldt skulesalar, lærarrom, kontor, bustad til styraren og hyblar med plass til 50 – 60 elevar no var reist. Den moderne bygningen hadde både elektrisk lys og sentraloppvarming. Men alt frå fyrste stund var han for liten. Nokre av elevane måtte innkvarterast på bygda. Folkehøgskulen på Kvås har hatt mykje å seie for mange både på det menneskelege og åndeleg/kristelege område. Mange har fått livskursen lagt på Kvås. Skulen er fleire gonger blitt utvida sidan starten. Elevtilgangen har variert gjennom tidene. I 2006 vart skulen nedlagt.

I 1922 slutta Hjorteland som løna sekretær i Lister og Mandals krets. Å få ein ny var ikkje lett. Krinsen var liten, for liten, meinte mange. Predikantane kom ofte attende til dei same stadane. Ein freistnad på å integrere Kvinesdal og Åseral i krinsen førte ikkje fram. I 1923 kom fellesstyret med ei oppmoding om at dei to krinsane på Agder burde slåast saman til ein. 10. november 1923 kom ti representantar frå Kristiansands krets og åtte frå Lister og Mandal krets saman med Brandtzæg for å drøfte spursmålet. Samrøystes gjorde ein fylgjande vedtak:

Saken fremmes til kretsens årsmøter. Det nedsettes en nevnd på 5 mann til å forberede saken.

Komitéen rådde samrøystes til samanslåing av dei to krinsane. Lister og Mandals krets skulle halde fram som fellesforeining. I Aust-Agder burde det skipast ei fellesforeining. Komitéen utarbeidde også forslag til vedtekter for dei to fellesforeiningane og for krinsen som dei meinte burde heite Agder krets.

Da spursmålet kom opp på årsmøtet i Holum i 1924, vart komitétilrådinga vedtatt etter eit langt ordskifte mot ein stemme. I Kristiansands krets var komitétilrådinga alt vedteke mot fire stemmer. Frå 1925 var Agder krets eit faktum, og frå same tidspunkt vart Lister og Mandals krets omgjort til ei fellesforening.

Emissærar og misjonærar frå Lista og Mandals fellesforening.

Mange emissærar og misjonærar er komne frå denne delen av Agder krets. Når det gjeld emissærane, må to nemnast: Andreas Hjorteland og Tomas Egebø.

Andreas Hjorteland

Andreas Hjorteland.

Andreas Hjorteland er ein av dei største forkynnarane Misjonssambandet har hatt på Agder. Han er også ein av dei som verkeleg ruver mellom dei fyrste emissærane i Kinamisjonsforbundet, og som var med og arbeidde fram den nye organisasjonen. Hjorteland som var fødd i 1859, vaks opp på Hjorteland i Halse, og her kom han til å bu størsteparten av livet. Nitten år gamal begynte han å virke som emissær, mellom anna for Mandalens indremisjons fellesforening. I 1897 fekk han brev frå Johannes Brandtzæg med spursmål om han ville «virke i Forbundets tjeneste i kortere eller lengere tid». Resten av sitt liv kom han til å reise for NLM, i Lista og Mandal krets, i Agder krets, og vidare utover i Sør-Norge. Eit referat frå Handelands bok Kristenliv på Agder skildrar Hjorteland som sjelesørgjar. Denne hendinga som skjedde før Kinamisjonsforbundet vart ein realitet, er meisterleg skildra av Handeland:

Siste dagen sat han i Krossen og fekk seg mat. Han skulle ned att til Byremo om kvelden og ha møte. Då kjem det ei yngre kvinna få den øvre garden der i grannelaget og vil ha han med til ei gamal jenta, ein legdslem, på 93 år som ligg sjuk og er i stor sjelenaud.

«Kor er dette?» spør Hjorteland.
«Til fjells, ein fjerding veg.»
«Fram og tilbake blir det ei halv mil, og til Byremo ei mil i striregn.»
«Ja, ja, nå he eg bore bodet fram, so lyt du gjera som du vil.»
«Hossen kom ho på dette?»
«Jau, då eg kom heim frå mødet og fortalte eit og anna av det du har sagt, so gav ho meg ikkje fred. ”Den mannen må eg få tala med, ko det skal kosta”, sa ho. Men dersom du seier at du ikkje kan koma, so slær ho seg til tols.»
Dette gjekk hardt inn på Hjorteland. Han laut gå med. Og ut bar det i regnet.
Langt om lenge kom dei fram. Kvinna gjekk føre og sa: «Her kjem mannen.» Hjorteland kom litt etter, drivvåt so det rann av han. Han stod på golvet heile tida, og vatnet rann ned i ein stor pytt.
Den gamle kvinna reiste seg opp på ålbogen og såg på han. «Å nei, var du so lite eit ting!» ropte ho. So kom det eit heilt anna tonefall: «Er det råd for ein gamål syndar som eg?»
Hjorteland merkte at orda kom frå hjarta, og han svara fort: «Ja, men er der råd. Bed du ikkje til Gud?»
«Jau, men mi bøn er au syndig. Ko råd er der då?»
«Kan du minnast du he høyrt om ein som betalte synda?»
«Ja, men, det var Jesus det.»
«Hossen veid du det?»
«Det stend i Bibelen. Men eg er so fælt stor ein syndar.»
«Var det bare for dei små syndarane at Jesus betalte?»
Ho tenkte ei stund: «Nei, det var for alle.»
«Var då Gud fornøyd med den betalinga?»
«Ja, det var hellig blod frå himmelen som rann.»
«Men når du veid at Jesus Kristus betalte, og betalte for alle, og at Gud var fornøyd med betalinga, så veid æ ikkje hå du, Maren, syter for.»
Ho låg stille ei stund, og så sa ho: «Å, du store Gud, nå ser eg det eg aldri før he set. Eg hadde ikkje trutt det for ein time sia om so 100 mann hadde sagt det. Og nå ser eg det sjål.»
Atter stille. So slo ho hendene i hop. «Å, du store Gud! So skulle den gamle stygge Maren bli frelst likevel.»
Då dei hadde tala lenge og han laut gå, sa Maren: «Men du lisle gut, om det nå pånytt skulle bli mørkt for meg, kan du då ikkje seia meg ko eg ska gjera?»
«Står det ikkje i Bibelen at Kristus har betalt all vår syndegjeld? Trur du at Gud krev betalinga to gonger?»
«Nei!» ropte Maren, «det gjer han då so visst ikkje. Slike skurkestrek driv han då ikkje med.»
Fleire år etter tala Hjorteland i kyrkja i Åseral. Etter møtet kom ei kvinna og helste på han. «Kjenner du meg?» spurte ho.
«Nei.»
«Det var eg som fylgde deg til gamle Maren.»
«Nei, var det det. Lever Maren endå?»
«Nei, ho er død.»
«Hossen gjekk det for henne?»
«Jau, ho heldt fast på til det siste at Gud krev ikkje betalinga to gonger.»[2]

Slik dreiv Andreas Hjorteland sjelesorg, og det kan stå som eit døme på korleis lekpredikantane heilt fram til vår eiga tid har hjelpt folk i sjelenaud.

Tomas Egebø

Nokre ord må også nemnast om Tomas Egebø, som døydde i 2001. Han var forkynnar, sjelesørgjar, hyrding for dei truande og ein «hovding» (sjølv om det ordet ikkje høver godt i Guds forsamling).

Asbjørn Aavik.

Egebø reiste vinterstid med Guds ord i over seksti år. Sommarstid dreiv han med praktisk arbeid, brubygging og anleggsarbeid. I eit intervju som Øystein Høgetveit hadde med Egebø som stod prenta i Ut i all verden i 1988, fortel han at han hadde ingen tankar om å verte heiltidsforkynnar då han vart ein kristen. Han likte å vere med å vitne og gjere praktiske ting på bedehuset. Men så ein dag sa Severin Tobiassen til han:

- Hva tenker du på Tomas?

Vil du ikke bruke ditt pund?
Tenk nå på at den strenge Herre krever deg til regnskap.
Vi må be til Gud.

Så legger Severin Tobiassen hendene på hodet og ber Gud salve Egebø til et vitne, og Tomas Egebø forklarer at han opplevde denne situasjonen slik:

- Det var som å stå på hellig grunn. Jeg kjente en kraft gå gjennom meg, og følte det som om jeg kunne løfte huset jeg var i da Severin Tobiassen med høy og egenartet stemme stemte i sangen:

- Arbeid før natten kommer
da er ei lenger tid
Virk i den årle morgen
Og bruk all din flid.

Og så fortel han at han fekk spursmål frå fleire organisasjonar om å virke som forkynnar, men utslagsgjevande for han vart ytremisjonsdimensjonen. Tanken på dei som aldri fekk høyre evangeliet, merkte Tomas for livet Til Øystein Høgetveit sa han at «det er ”et himmelens mirakel” å få være blant Guds folk som er med i dette store arbeid». «Himmelens mirakel» og andre slåande uttrykk frå Tomas er kjenneleg og kjære å tenkje på.[3]

Asbjørn Aavik

Asbjørn Aavik er ein av dei mest kjente misjonærane frå Lista og Mandals fellesforening. Han kom frå naturperla Åvik i Lindesnes kommune. Då han var elev på folkehøgskulen på Birkeland, møtte Gud han med misjonærkallet. Fyrst var han mange år misjonær på gamlefeltet i Kina. Deretter var han mange år på Taiwan.

Petra Jaabæk

Aavik er særleg kjent for dei mange bøkene han skreiv som er trykt i om lag 400. 000 eksemplar. Han skreiv romanar, oppbyggelege bøker og misjonslitteratur. Gjennom forkynninga, bøkene og sine rike evne til å forkynne fekk Aavik formidle misjonskallet til mange menneske. Mange er blitt tent i brann for misjonen ved å lese den vesle boka De venter.

Kvinnelege misjonærar

Marit Foss.

Tre av dei kvinnelege misjonærane må også trekkjast fram: Petra Jaabek, Marit Foss og Olga Handeland som alle er frå Lista og Mandals fellesforening. Alle har med stor truskap gjort ein stor og livslang innsats i misjonens teneste ute. Petra var fyrst i Kina frå 1946 – 49, så var ho med nokre opphold i Noreg i Japan frå 1949 fram til 1981. Her heime har ho også vore aktiv i misjonen.

Marit Foss var i Mandsjuria frå 1938 – 46. Det var stort for Marit då ho i påskehelga 2000 besøkte Mandsjuria og fekk møte nokre av kristenflokkane der. Frå 1951 – 1982 var ho misjonær i Japan. Då Marit i 1982 fekk kongens fortenestemedalje i gull for lang og trufast teneste i misjonen, sa ho: «Å, hvor jeg er takknemlig til de mange som har stått så trofast med i misjonen, og som har husket spesielt på meg i sine bønner. Jeg ville så gjerne få nå dem alle med en hjertelig takk.»

Olga Handeland.

Olga Handeland reiste til Etiopia i 1952. Seks – sju periodar har Olga vore stasjonert på ulike stasjonar i Etiopia. I Etiopia stod Olga midt i vekkingsarbeidet og med eigne augo sett korleis Guds rike med stor kraft har gått fram i dette landet. Etiopia har vore sjølve «eventyrlandet» i NLM si soge. Ingen av våre misjonsfelt har hatt ein vokster lik den i Etiopia. Samstundes er det nødvendig å ha klart for seg at stundom kan det gå nokså langt tid mellom såtid og tid for innhausting. Det var ikkje så mange døypte på gamlefeltet i Kina då misjonærane måtte forlate landet. Men kom nå å sjå! Det såkornet som vart sådd i hjartejorda åt kinsarane har spirt og grodd og gitt stor grøde.

Fleire kunne ha blitt nemnt, og i løpet av dei hundre åra som er gått, så har både dei som sender og dei som er blitt sendt, vore med på noko uendeleg stort som ein ikkje skjønar rekkeviddene av. Heime og ute er livsens ord blitt sådd til frelse og fornying.

Avslutning

Lekmannsrørsla generelt og ikkje minst NLM har stått sterkt i store deler av det området som vert omfatta av Lista og Mandals fellesforening. I fyrste halvdel av 1900-talet gjekk store og mindre vekkingar over bygder og byar her vest. Også i siste halvdel av 1900-talet har det vore nokre vekkingar, men i langt mindre målestokk enn før. Folkeflyttinga har også sett sitt preg på kristenlivet her vest. Fleire av heiane mellom dalane som det før budde mykje folk på, er sterkt avfolka. Folk har flytta ned til tettstadane. Og dei som framleis bur på heia, har bil og køyrer raskt ned til bedehuset i sentrum.

Styret i fellesforeininga har vel ikkje så mange oppgåver i dag som tidlegare. Til nokre år etter krigen fekk fellesforeninga tildelt forkynnarar som styreformannen måtte plassere kring i foreiningane. Dette er det for lengst slutt på: Kretskontoret tek seg no av dette arbeidet. Men fellesforeninga har framleis årsmøte over to dagar med god oppslutning. Styret i fellesforeninga arrangerer dessuten det årvisse Undelandsstemnet, og nokre møte på Undeland om sommaren. Kvås folkehøgskole/vidaregåande skole hadde i mange år ansvaret for Undeland Misjonsgård som er ei naturperle der han ligg omgitt av fager natur. Mykje friviljug arbeid er nedlagt på Undeland, og staden er tenleg til forskjellige arrangement og for misjonsfolket.

På fleire stader her vest har NLM eit livskraftig og omfattande arbeid. Mange stader er det i dei seinare tiåra reist store og praktiske bedehus. Andre stader går arbeidet av ulike grunnar tyngre. I dag står om lag 100 lokalforeiningar av ulike slag tilslutta fellesforeninga. Ein stor prosent av inntektene i Agder krets kjem frå Lista og Mandals fellesforening. Det viser at NLM framleis har mange trufaste misjonsvener. Den store utfordringa for NLM både på landsbasis og i Lista og Mandals fellesforening er få med fleire unge i misjonsarbeidet. Skal Herren framleis få bruke NLM til å utbreidde sitt rike i vårt land og mellom dei unådde som ikkje har høyrt evangeliet, er det heilt nødvendig å få med unge som er tent i brann for misjonen

Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet.

Takk at jeg også fikk ditt kall og skal få være med!
Uverdig er jeg, Herre kjær, å stå som lem i rikets hær.
Men du som gav meg vennenavn og tok meg ømt inn i din favn
Vil gi meg makt å gå hvor du har sagt.

Referanser

  1. Handeland 1948:104-106
  2. Handeland 1948:271-272
  3. Ut i all verden nr. 3 1988

Kjelder

Blader

  • Den lille Samler
  • Kineseren/Utsyn
  • Ut i all verden

Bøker

  • Handeland, Oscar 1948. Kristenliv på Agder. 50 års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske Kinamisjonsforbund. Oslo: Forbundets Forlag.
  • Handeland, Oscar 1966. Vårløysing. Band I-III. Andre utgåva. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag.
  • Kjebekk, Erik 1991. Verden for Kristus. Norsk Luthersk Misjonssamband 1891-1991. Heimearbeidet. Oslo: Lunde Forlag.
  • Kjebekk, Erik 1996. Misjon i 100 år. Agder krets av Norsk Luthersk Misjonssamband 1896 – 1996. Bygland: Utgitt av kretsstyret.