Lokale ord og utrykk (Volda kommune): Forskjell mellom sideversjoner

m
Linje 38: Linje 38:
Må også ta med ein namnemessig bastard. (Sidan den har slede i namnet  får den stå saman med sledar). «Hjulsleden», er ikkje slede i den vanlege tydinga men ei vogn eller kjærre. Som namnet seier går den på hjul. Den hadde ei tippbar kasse med breidde høveleg mellom hjula og lengde på ca 1,5 m og laus gavl bak. Den kassa vart kalla «Hjulslekista». Hjulsleden vart brukt til det meste av transport. Nemner Gjødsel, Mold, Stein og alt som kunne lessast. Må heller ikkje gløyme mjølkespannene som skulle med rutebåten til meieriet.

'''Høyvogna:''' Den hadde største lesseplanet, lengde ca 2,3m breidde 1,4m. Den var brukt til all køyring av gras og høy. Til høykøyring vart montert høge grinder som høyet vart trakka saman i. Det var ungane sitt arbeid.
'''Høyvogna:''' Den hadde største lesseplanet, lengde ca 2,3m breidde 1,4m. I kvart hjørne var eit beslag for å sette høygrindane i. Det viser på bildet som ligg under artikkelen, enkelt men fungerte. Den var brukt til all køyring av gras og høy og mangt anna. Hesveden var og greidast å lesse på denne når ein skulle setje opp hesjar. Til høykøyring vart montert høge grinder som høyet vart trakka saman i. Det var ungane sitt arbeid.

'''Rade:''' Marketadet, husdyrgjødselen, skulle breidast, spreidast, på åker og eng om våren. Det kunne breidast rett frå hjulsleden eller at det var «rada» på førehand. Det er å køyre ut og legge i små dungar lagleg til å breide. Det vart køyrt med hjulsleden og greve av med greip eller klogrev i passelege dungar. Når ein nerma seg konfirmasjonsalderen så var dette høveleg arbeid.

Skribenter
1 622

redigeringer