Lokale ord og utrykk (Volda kommune)

Sideversjon per 12. okt. 2016 kl. 16:53 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Prøve på nytt oppsett)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Lokale Ord og utrykk Slik det var brukt i min oppvekst i Høydalen.

Dravle, det er syrna mjølk som vert kokt opp så osten skil seg frå mysa. Ein talerken varm dravle var godt til kvelds.

Skjør, det er syrna skumamjelk.

Skjørblende, det er skjør blanda med vatn og brukt til «tostedrikk». I slåtten var det vanleg å ha med et spann skjørblende på slåtteteigen. Var det sol vart spanna set i skugge innunder hesa. Skjørblende er syrleg og er vel difor godt å sløkje tørsten med.

Åløkje, slik ordet var brukt lokalt her så var det sers positivt. Det kunne vera om ein ny færing, kyr, ei kjerre eller kanskje ei ny tenestetaus som kom til bygda. Eg oppfatta det som reaksjon på førsteintrykk. I Ivar Aasen`s ordbok. Aaløkje, n. noget usædvanligt, et Uhyre, en Uting. Nfj. Paa Sdm. i god Betydning om et meget stort og triveligt Dyr. (Dunkelt Ord).