Lulesamar: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Lulesamer flytta til Lulesamar)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 13. jun. 2013 kl. 11:35

Lulesamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt held til i Lule lappmark i Sverige og i Nord-Salten i Nordland fylke. Det meir nøyaktige utbreiingsområdet i Nordland er frå Mistfjorden i Bodø kommune og Fauskeeidet i Fauske kommune og nordetter områda kring Folda og Tysfjorden. Overgangen til det markasamiske, som blir rekna til det nordsamiske området er flytande; likeleis overgangen mot det pitesamiske kring Saltfjorden. Det lulesamiske språket hører til den sentralsamiske dialektgruppa saman med nordsamisk og pitesamisk.