Lundo på Myklestad: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 15: Linje 15:


==Tolking av stadnamna==  
==Tolking av stadnamna==  
Det gammalnorske ordet for Myklestad er Miklastofa, som gjerne var samlingsstader for religiøs kultus. Det finst knapt nokon stad i Uggdal-soknet - og på Tysnes, for den del - der det er gjort så rike funn som i dette området. Uggdal heitte i norrøn tid Uppdal. Her finn me også Kyrkjevatnet, som i eldre tid var eit stort vatn. Kva namn det hadde før kristen tid, før det vart bygd ei kyrkje her, er det ingen som veit i dag. Det kan vera interessant å sjå på namnet for garden Tho, som ligg tett attmed Myklestad og i eldre tid har vore ein del av det gamle Miklastofa. Johannes Heggland nemner at det vil vera naturleg å tolka namneforma som ei flate, ei hylle mellom to høgdedrag, og viser såleis til ei skriveform frå 1500-talet. Men namnet kan også ha eit anna opphav: om ein tolkar det som gno. två - å tvetta, vaska. Ein kan dermed tenkja seg at To-namnet opphavleg kjem frå vatnet, la oss seia at det kan ha bore namnet Tvettavatn.  
Det gammalnorske ordet for [[Myklestad]] er [[Miklastofa]], som gjerne var samlingsstader for religiøs kultus. Det finst knapt nokon stad i Uggdal-soknet - og på Tysnes, for den del - der det er gjort så rike funn som i dette området. Det kan vera interessant å sjå på namnet for garden [[To]], som ligg tett attmed Myklestad og i eldre tid har vore ein del av det gamle Miklastofa. [[Johannes Heggland]] nemner at det vil vera naturleg å tolka namneforma som ei flate, ei hylle mellom to høgdedrag, og viser såleis til ei skriveform frå 1500-talet. Men namnet kan også ha eit anna opphav: om ein tolkar det som gno. två - å tvetta, vaska. Ein kan dermed tenkja seg at To-namnet opphavleg kjem frå vatnet, la oss seia at det kan ha bore namnet Tvettavatn.  
 
 
Midt i dette området finn me Lundo - ei stor flate ovanom det gamle vatnet som ein gong i tida dekka ein god porsjon av det flate lendet ved det noverande rådhuset i Tysnes kommune. Det er ei relativt stor slette, avgrensa av knausar på begge sider. I Tysnes finn me eit liknande namn som er knytta til eit vatn som ein trur har vore åstad for religiøs kultus, Vevatnet i bygda Lunde. Lund-namna  
Midt i dette området finn me Lundo - ei stor flate ovanom det gamle vatnet som ein gong i tida dekka ein god porsjon av det flate lendet ved det noverande rådhuset i Tysnes kommune. Det er ei relativt stor slette, avgrensa av knausar på begge sider. I Tysnes finn me eit liknande namn som er knytta til eit vatn som ein trur har vore åstad for religiøs kultus, [[Vevatnet]] i bygda [[Lunde]]. Lund-namna viser ofte til heilage lunder.


==Litteratur og kjelder==
==Litteratur og kjelder==
Skribenter
1 575

redigeringer