Målparagrafen: Forskjell mellom sideversjoner

(→‎Seinare endringar: meir om endringar etter ca 1912)
Linje 47: Linje 47:


==Parallellklasseordninga==
==Parallellklasseordninga==
Fram mot fyrste verdskrigen hardna striden om opplæringsmålet til i mange bygder. I Odda kom det opp ein kvass språkstrid frå 1911 i samband med industrialiseringa, og i 1913-14 kom det her til eit kompromiss som skulle få nasjonale følgjer. Folkeskulen i Odda vart frå hausten 1914 delt i ei landsmål- og ei riksmålsavdeling, og foreldra kunne fritt velja kva for klasse borna skulle gå i.
Høvet til å skipa klassar med eit anna opplæringsmål vart lovfest med endringa av målparagrafen i folkeskulelova i desember 1917. Vilkåret var at det var nok elevar til å fylla ein klasse og at det ikkje førte til "nævneværdig større utgifter for kommunen".
Den viktigaste seinare endringa i målparagrafen er [[parallellklasseordninga]] som kom inn i desember 1917. Dette gav foreldra lov til å krevja ein eigen klasse med anna opplæringsmål enn det vedtekne. Ordninga står framleis ved lag og er seinare presisert slik at foreldra til 10 elevar på same klassesteg må reisa kravet for å ha rett på ein språkleg parallellklasse.
Den viktigaste seinare endringa i målparagrafen er [[parallellklasseordninga]] som kom inn i desember 1917. Dette gav foreldra lov til å krevja ein eigen klasse med anna opplæringsmål enn det vedtekne. Ordninga står framleis ved lag og er seinare presisert slik at foreldra til 10 elevar på same klassesteg må reisa kravet for å ha rett på ein språkleg parallellklasse.
I folkeskulelovene av 1936 vart denne retten formulert slik i punkt 4 i målparagrafen (§ 66 i "Lov um folkeskulen på landet", § 60 i "Lov om folkeskolen i kjøbstædene"):
Brukes samme målform ved alle kommunens skoler, kan foreldre eller forsørgere kreve den annen målform anvendt for sine barn, dersom de har så mange barn av samme årskull at de ved å henvises til samme skole hensiktsmessig kan danne en eller flere klasser.
I "Lov om folkeskolen" (1959) vart det presisert at ein kunne skipa språklege parallellklassar så fremt det var minst 15 elevar både i bokmåls- og nynorskklassen, og med grunnskulelova (1969) vart minstegrensa sett ned til 10 elevar. Dette er vidareført i opplæringslova (1998). Parallellklasseretten galdt i utgangspunktet alle sju årssteg i folkeskulen og frå 1969 årsstega 1-7 i grunnskulen, men for årsstega 4-7 berre for norsktimane. Frå 1985 har parallellklasseretten vore avgrensa til barneskulen, men i hovudsak for alle fag.


==Litteratur==
==Litteratur==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer