Magne B. Skrede

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

[[Kategori:{{}}]]Magne B. Skrede (1919-1997) var fødd på Skrede i Randabygda. Etter lærareksamen ved Stord Lærarskule vart han tilsett i post ved Rand skule i heimbygda. I denne stillinga var han til han slutta som lærar tidleg i 1970-åra. Magne B. Skrede var den andre læraren i Randabygda som arbeidde i Rand skule i heile si tid som lærar. Den første var Lars Søreide. Magne B. Skrede var aktiv idrettsmann (langrenn og skyting) og deltok i tevlingar så lenge han hadde helse til det. Han var ein inspirator for elevane i skulen, slik forgjengaren Lars Søreide også hadde vore. Magne var intressert i lokalhistorie slik onkelen, Per M. Skrede var. Han fotograferte m.a. så godt som alle utmarkshusa i bygda (naust, vårfjøsar, stølshus og markalader (høyløer)). Arkivet som Per M. Skrede etterlet seg, vart varveitsla av systersonen Magne. Etter at han døydde, vart arkivet overlate til Nordfjord Folkemuseum.