Matias Orheim

Sideversjon per 29. jan. 2023 kl. 07:46 av Stigrp (samtale | bidrag) (setter inn illustrasjon)

Matias Sivert Orheim (fødd 26. juli 1884, død 20. april 1958) var salmediktar frå Stårheim i Eid i Nordfjord. Han skreiv om lag 1000 songar, komponerte 178 melodiar, og ga ut 13 diktsamlingar. Seks av salmene hans står i Nynorsk salmebok. Orheim var også predikant, bonde, romanforfattar og historikar.

Faksimile av oppslagssidene til samlinga Heimlokk frå 1903, den fyrste som Orheim utgav.

Matias Orheim var son av bonde og smed Kristian Orheim (1861–1939) og Karen Øygarden (1861–1940), og vart gift i 1905 med Marie Dumbestein (1881–1958).

Matias Orheim vart kristen under eit pinsestevne i Stårheim i 1900. Berre tre år etter kom den første diktsamlinga hans, Heimlokk.

Orheim fekk ein augesjukdom i ung alder og mista etter kvart synet. Han var forkynnar i Nordfjord og Sunnfjord 1903–1905, så i Kristiania Indremisjon 1905–1907, deretter i Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1907-1921. 1921–1944 reiste han som talar for Norges Kristelige Ungdomsforbund.

Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1953, og på grava til Matias Orheim og kona Maria ved Stårheim kyrkje står det ei minnestøtte laga av Anne Grimdalen. Han og kona døydde med berre nokre timars mellomrom.

I 2010 satte Sogn og Fjordane teater opp teaterstykket Mathias Orheim med skuespilleren Frode Rasmussen i hovedrollen, med manus av Mette Brantzeg og Norvald Tveit, regi av Brantzeg. Stykket fortel historia om Orheim og kona.

Kjelde