Midt-Noreg

Landsdeler
i Norge


Norske landsdeler G.png

Midt-Noreg nynorsk eller Midt-Norge (bokmål) er ein norsk landsdel som omfattar Trøndelag fylke og Møre og Romsdal fylke (særleg Nordmøre og Romsdal), og til tider òg sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelag og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Trøndelag og Møre og Romsdal.

Kart over Noreg med landsdelene innteikna. Midt-Noreg er markert med grønt.

Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane KristiansundNordmøre; og Røros, Orkdal, Trondheim, Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Trøndelag.

Sjølve namnet Midt-Noreg er ei nydanning på line med Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg som først vart teken i bruk kring 1950. Historiske namn på området inkluderer Frostatingslag(en), Nidaros (bispedømme) og Trondhjem (hovudlen, stiftsamt). Nemninga Trøndelag viste opprinneleg til området kring Trondheimsfjorden, frå Orkdalen i vest og til området ved Snåsavatnet i nordaust, men har seinare vorte bruka om større deler av området.

Offentleg administrasjon

 
Omslaget av «Trøndelags-utgåva» av almanakken frå 1963. Bandet dekkjer Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal.

Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal

Annan inndeling

Organisasjonar

Trussamfunn

Næringsliv

Kjelder