Midtvestlandsbåtar

Sideversjon per 15. sep. 2022 kl. 13:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Forside|{{PAGENAME}}}} ---- <onlyinclude>'''Midtvestlandsbåtar''' er dei tradisjonelle opne båtane i Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Typiske trekk ved…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Midtvestlandsbåtar er dei tradisjonelle opne båtane i Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Typiske trekk ved midtvestlandsbåtane er ripbordet som er breitt midt på og smalnar jamnt mot begge stamnane; esinga som ligg langs nederkanten av ripbordet og går frå rong til rong; og skjeggkeipane som ligg an mot ripbordet. Desse trekka er òg typiske for krumstemningen, som nordfjordsbåten særleg skil seg frå ved den heilt runde stamnprofilen og mangelen av lyrodd. Midtvestlandsbåtane har frå gammalt vore rigga med symmetrisk råsegl, men i ytre strøk vart lårsegl vanlege frå kring midten av 1800-talet. Hovudtypane av midtvestlandsbåt er nordhordlandsbåt, sognabåt, sunnfjordsbåt og nordfjordsbåt.