Mosdøl (Bykle gnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mosdøl
Mosdøl 1.jpg
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag. Fotografen var Gunnar B. Holen.
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Type: Gardsbruk

Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.

Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare.

I 1624-jordeboka er Mosdøl oppførd som såkalla øydegard med ei landskyld på 1 1/2 hud eller 15 kalveskinn. Her var to oppsitjarar, men me trur ikkje at her var meir enn eitt bruk ved det leitet. I skattematrikkelen frå 1645 er her to brukseiningar på på 6 kalveskinn kvar, slik at den samla skylda då er redusert til 12 skinn. Såleis er det framleis i 1665, men innan matrikkelframlegget frå 1723 vart skrive har den eine av dei to eldre einingane vorte dela i 2, slik at her då var to bruk på 3 kalveskinn og eitt på 6. Dei to fyrste har løpenummer 26 og 27, og tilsvarar dei seinare Lunden og Berget, medan det tredje, som er det største, har lnr 28 og tilsvarar det seinare bnr 3. Dei opprekna einingane vart ståande med same skyldvurderinga fram til 1838-matrikkelen, men då vert garden oppførd med ei gamal skyld på 15 skinn.

Dette kjem av at Torsbu, som hadde gamalt lnr 32, hadde vorte gjeve bnr 4 under Mosdøl i staden for å verta ført under Byklum, der det logisk sett burde høyre heime, og der det faktisk også hadde vore ført tidlegare. Me har ikkje funne anna forklaring på dette enn at oppsitjaren i Torsbu på 1830-talet var frå Mosdøl, men i alle høve vart Mosdøl i den nye matrikkelen i 1838 registrert med 4 bruk. Av desse sto Lunden og Berget i 99 skilling kvar, bnr 3 i 127 skill og Torsbu i 45 skill, i alt 3 skylddalar 1 ort 19 skill. Om me så hoppar fram til nyaste matrikkelen, som kom i 1886, ser me at Lunden då vart sett til 1,93 skyldmark, Berget til 1,60, bnr 3 til 2,96 og Torsbu til 0,43.

Mot slutten av 1700-talet tykkjest det ha budd folk på støylen Mostøyl ved Bykilsmoen, som då var husmannsplass under bnr 3 nokre år. På 1800-talet kom det endå eit par plassar under bnr 3, som aldri vart matrikulerte, det var Skadden og Vedbakk under Mosdøl. Under same bruket kom også to plassar, som sidan vart sjølvstendige småbruk.

Det var Bykilsmoen, som vart busett kring 1870, og matrikulert til sjølveigareigedom i 1917, og endeleg var det Sollid, som vart busett i 1873, var sjølveigarbruk frå kring 1880, men ikkje matrikulert fyrr i 2002.

I 1915 og 1916 vart det selt eit par parsellar frå Torsbu, som vart til bureisingsbruk. Det var Bakken (Åsen) og Nystog. Dermed har me nemnt dei frådelingane som resulterte i jordbrukseiningar, alle seinare bruksdelingar har vore til byggjegrunn, og dei dei fleste til bustadfyremål. Me kjem til desse lenger ut, men i fyrste omgang stiller me opp ein tabell over bruksdelingane. Dei av dei som ikkje har resultert i einingar med fast busetnad held me utanfor.

Bruk og bustadtomter under Mosdøl, gnr 13

Bnr Lnr 1723 Bruksnamn Utskilt frå Kat./Merk. Etbl.år Matr.år Skyld 1723
Skinn
Skyld 1838
Skill.
Skyld 2003
Øre
1 26 Lunden Neire Mosdøl Gardsbruk Ca 1660 Ca 1660 3 99 173
2 27 Berget Neire Mosdøl Gardsbruk Ca 1660 Ca 1660 3 99 158
3 28 Mosdøl Heile gnr 13 Gardsbruk / hovudbøle Fyre 1350 Fyre 1624 6 127 256
Skadden Bnr 3 Plass, busett 1826-ca 1870 1826
Vedbakk Bnr 3 Støyl, plass, busett ca 1865
4 32 Torsbu Gnr 14, bnr 1 og 5 Overført frå Byklum til Mosdøl ca 1825 Ca 1710 Ca 1710 45 41
8 Bykilsmoen Bnr 3 Plass, småbruk frå 1917 Ca 1870 1917 2
9 Bakken Bnr 4 Småbruk, kalla «Åsen» 1915 1917 1
10 Nystog Bnr 4 Småbruk 1916 1921 1
11 Systog Bnr 2 Butikk- / bustadtomt 1930 1933 1
13 Solbakken Bnr 3 Bustadtomt 1965 1964 1
17 Lundevoll Bnr 1 Bustadtomt 1973 1973 1
21 Lisleli Bnr 10 Tomteområde, sletta or matrikkelen i 1986 1979 1979
27 Soltun Bnr 13 Bustadtomt 1982 1984 1
28 Byklum Bnr 4 Tomteområde 1984 1984 1
29 Kyrkjelii Bnr 10 Tomteområde, sletta or matr. i 1986 1984 1984
30 Kyrkjelii Bnr 4 Tomteområde, sletta or matr. i 1986 1984 1984
31 Kyrkjelii 6 Bnr 30 Bustadtomt 1986 1985
32 Kyrkjelii 8 Bnr 30 Bustadtomt 1985 1985
33 Kyrkjelii 4 Bnr 29 Bustadtomt 1988 1986
34 Kyrkjelii 10 Bnr 29 Bustadtomt 1987 1987
35 Kyrkjelii Bnr 29 Bustadtomt 1987
36 Kyrkjelii Bnr 4 Tomteområde, overført til bnr 14 i 1994 1994 1994
38 Sollid Bnr 3 Plass, sjølveigarbruk frå ca 1880 1863 2002

Dermed skulle me ha eit grovoversyn over bruksutviklinga på garden, og kan då gå over til den meir detaljerte handsaminga av einingane ovanfor, og dei som budde på dei.

Den udela garden

Dette biletet av Mosdøl viser fleire hundre års bygningshistorie på garden. Frå venstre våningshuset til Olav K. Mosdøl frå 1997, fjoset frå 1995, løa frå 1840, loptet frå tidleg 1700-tal og våningshuset til Tore K. Mosdøl frå 1951. Foto: Sigrid Bjørgum, frå kommunearkivet.

Den fyrste mannen me finn nemnd på garden heitte Såve. Han er fyrste venda oppskriven som oppsitjar her i landskattelista frå 1610. I Mo bygdebok (I, 36) les me at det fulle namnet hans var Såve Knutsson, og at far hans heitte Knut Åsmundsson og budde i LoftsgardenByrte. Ut ifrå dette vel me å føre opp Såve nedanfor som Såve K. Loftsgarden. I fylgje eit udatert brev, som etter det som står i Mosoga skal vera frå fyrste tiåret av 1600-talet, hadde Såve selt eigedomen sin i Mosdøl til Orm Tveiten, og denne parten freista Åsmund Knutsson Loftsgarden, bror åt Såve, etterpå å taka attende på odel, men utan å koma nokon veg, ettersom han ikkje greidde å reise pengane. Om han hadde nokon brukeleg odel, er også tvilsamt, for odelen var det på denne tid ein annan som hadde. Han kjem me til lenger ut.

I bolken om Tveiti har me fortalt at Orm Tveiten bytte til seg 2 markebol i Mosdøl frå broren Tarjei Kyrvestad mot ein part i Kyrvestad og nokre andre eigneluter i 1616. Om brevet som er referert i Mosoga hadde vore rett datert, kunne det sjå ut til at Orm var inne som eigar av Mosdøl to vender. Men det trur me ikkje stemmer, og helst er det omtala brevet skrive etter 1616, og det vil seia at Orm alt var eigar av ein part då det vart sett opp, men den som budde her var Såve.

Hausten 1614 var han mellom dei som møtte på straffeskattetinget på Rike med buskap og andre eigneluter for å få fastsett straffeskatten sin. Det han synte fram og fekk taksert av sorenskrivaren var det fylgjande:

  • 1 pund kopar (3 dalar)
  • 1 hest (8 rd)
  • 3 kyr (9 rd)
  • 1 kalv (2 ort)
  • 2 sauer og 2 geiter (2 1/2 rd)
  • 2 gamle tjeld (3 ort)
  • 1 øks (1 ort)
  • 2 ljåar (1 ort)
  • 1 sigd (4 skill)

Skrivaren summerte takstane ovanfor heilt korrekt til 24 rd 1 ort og 4 skilling, dela på 2 og fekk skatten 12 rd 1 ort 2 skilling. Det kan vera snautt om det nemnde var alt Såve Mosdøl åtte av lausøyre, men det var dette han synte fram for taksering.

I eit brev frå 1618 går det fram at Orm Tveiten, då futen kravde han for landskatt av Mosdøl for 1613-14, hadde nekta for at han åtte noko her. Fylgja av dette vart at futen kverrsette eigedomen hans: «Formedelst saadan Underfundighed er Mosdøl forbrudt», heiter det, og etter dette var det bror åt Orm, Tarjei Kyrvestad, som måtte «løse det igien fra Kongelig Mayeztet». I neste omgang sette Tarjei sak mot Orm for å få att det han hadde lagt ut.

Medan Orm Tveiten og bror hans såleis sytte for at rettsapparatet ikkje var gjerandslaust, var Såve Knutsson Loftsgarden brukar. Sidan vart han atter eigar. Eit brev frå 1622, som er referert i den gamle gards- og ættesoga (96), viser at han då fekk overtaka noko av odelsretten til garden frå Birgit Vetlesdotter, som var gift med Olav Ånundsson Øverland i Grungedal, og vidare lyt me vel tru at han har fått kaupe fleire eigedomspartar, anten hjå Orm Tveiten eller Tarjei Kyrvestad. Iallfall ser me at Såve er oppførd som eigar av det meste av Mosdøl i 1624, han åtte då 1 hud i garden. Men denne huda var pantsett til Torleiv Rygnestad, så sannsynlegvis har Såve lånt pengar av han for å kaupe eigedomen.

Han lukkast då heller ikkje i å skaffe seg hand om heile garden, ser me, for i 1624 sat dei tre styksønene åt Tarjei G. Kyrvestad, Eivind, Olav og Åsmund Tarjeissøner Nomeland heitte dei (jfr. Valle III, 620 f og VI, 362), med 3 kalveskinn. Dette var nok ikkje eit eige bruk, anna berre skyldeige, vil me tenkje. Nå nemner odelsmanntalet frå 1624 også ein Jon Mosdøl, men han er ikkje oppførd med eigedom her. Grunnen til at han er med i manntalet er at han åtte 3 skinn i Holum i Valle og 15 skinn i Viki, så når han vert opskriven ned adressa Mosdøl må det vera avdi han budde her. Me vil då rekne med at Jon og Såve var sambrukarar, og at Jon bruka den ideelle parten som høyrde til nomelandane. Kvar han sidan gjorde av seg, veit me ikkje, me har berre sett han nemnd i denne eine kjelda.

Men Såve vart verande i Mosdøl. Han er nemnd i alle skattelister frametter til kring 1660, og siste venda me høyrer gjete han er i prestens manntalsliste frå 1666, der det står at han dette året var 72 år gamal, noko som vil gjeva han 1594 som omtrentleg fødselsår. Men ettersom han var sjølvstendig gardbrukar i 1610, trur me likevel at han seinast kan ha vore fødd 1590 (det same årstalet står i den gamle gards- og ættesoga (102)).

  • Såve Knutsson Loftsgarden, f seinast 1590, d 1666-70
g m ukj. Born iallfall:
  • Ånund, f ca 1624, sjå Evre Mosdøl, bnr 3
  • Såve, f ca 1644, sjå Evre Mosdøl, bnr 3
  • ? Eli, g m Olav Niklosson Stavenes, sjå Utistog, gnr 16, bnr 4 og 5

På 1630-talet er det likt til at Såve ikkje lenger greidde å halde på heile eigedomen sin, og selde halvparten. Det ser ut til at kauparen var ein Sigurd. Me veit ikkje mykje om han, men han er nemnd utan farsnamn i nokre skattelister, og i ei rettssak hundre år seinare vert han omtala som «rette odelsmannen», så truleg har han ætta frå dei som hadde garden fyre Såve Loftsgarden kom inn i biletet. Men heller ikkje Sigurd greidde å halde på eigedomen, for i 1645 var det Gunnar Nesland som åtte den halve huda hans.

To år seinare hadde rett nok Sigurd kaupt attende 3 skinn av han, og Gunnar hadde då sett inn ein brukar som heitte Tov Knutsson på den parten han hadde att. Om Sigurd og Tov bruka det som sidan skulle verta Lunden og Berget saman, eller om dei hadde kvar sitt åtskilde bruk, er noko uklårt, men iallfall meiner me at Såve vart sitjande på det som sidan vart kalla bnr 3.

Olav Niklosson Stavenes var gift med ei Eli Såvesdotter. Om ho, slik me tenkjer, var dotter åt Såve Knutsson, er usikkert, men me har ikkje sett andre Såve-ar, som me kan få til å høve.

I den vidare framstillinga lyt me taka dei ulike bruka eitt i senn (sjå tabellen ovanfor). Etter kvart kjem me då attende til dei sist omtala oppsitjrane.


0941 Bykle komm.png Mosdøl (Bykle gnr 13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lisletjønnhaugen • Neste bolk: Mosdøl (Evre Mosdøl)