Myrbøenvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrbøenvegen sett vestover frå vegen Kvambekkheii.
Foto: Roy Olsen (2021).

Myrbøenvegen i Åmotsdal i Seljord kommune går frå vegen Kvambekkheii og nordover, opp til dei to fjellgardane Myrbøen (gnr. 148/1) og Myrbøen (gnr. 148/2) vest for Høgenut. Han er 1,8 kilometer lang og endar på ca. 810 moh. Om lag halvveges ligg Nilsrud hyttegrend.

Vegen har namn etter Myrbøengardane og vart namnsett i 2005.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.


Koordinater: 59.64570° N 8.29284° Ø