Nerskogen: Forskjell mellom sideversjoner

1 536 byte lagt til ,  5. jan. 2013
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
'''[[Nerskogen]]''' er i dag namnet på ei grend som ligg både i [[Rennebu kommune]] og [[Oppdal kommune]]. Frå Oppdalssida vart området elles kalla [[Skardalen (Oppdal)|Skardalen]], etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå [[Vognild]], forbi Skarvatnet og over Skaret.
'''[[Nerskogen]]''' er i dag namnet på ei grend som ligg både i [[Rennebu kommune]] og [[Oppdal kommune]]. Frå Oppdalssida vart området elles kalla [[Skardalen (Oppdal)|Skardalen]], etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå [[Vognild]], forbi Skarvatnet og over Skaret.


Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.</onlyinclude>
==Markaslåtten==
Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv [[markaslått]] og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.</onlyinclude>
 
Viktigast var nok likevel markaslåtten, som førte med seg betydeleg aktivitet store delar av året: halve sommaren til slåtten og lagringa av høyet, og heile vinteren til heimkøyringa. Ljåslåtten i skogholta og på myrane på Nerskogen starta straks heimeonna var unnagjort kring månadsskiftet juli-august og vara opp til 8 veker i den mest intensive perioden sist på 1800-talet. Markaslåtten førte med seg meir arbeid enn bygdefolket rakk over, så det kom tilreisande arbeidfolk frå andre bygder, både onnakarer og -tauser. Vekelønna var 5 kr. for tauser og 10 kr. for karar kring førre hundreårsskifte.
 
Etter at graset var slått og tørka på bakken vart høyet lagra enten i stakk eller i løer, for henting att når det vart vinterføre.
 
==Vinterkøyringa==
Heimkøyringa av fôret med hest og langslede starta så snart snøen kom, gjerne i slutten av oktober, og vara til april eller til og med mai viss føret heldt. I den mest intensive perioden kunne det kvar dag vere opp til 100 hestar som køyrde frå Midtbygda i Rennebu for å hente høy på Nerskogen. Det vart ofte lange dagar - for dei med lengst veg starta kanskje i 2-tida om natta for å rekke å kome heim att før det vart for seint.
 
Denne køyringa i streng vinterkulde kunne vere strabasiøs nok. Fleire køyrde med to hestar, dvs. ein laushest i reip bak tillegg til den dei sjølve køyrde. Da måtte dei sjølvsagt òg laste på to lass på sledene, gjerne i djup snø. Desse lassa var mellom 300 og 500 kg. tunge.


==Bureisinga==
==Bureisinga==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 166

redigeringer