Nesland (Bykle gnr 10): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 150: Linje 150:
Fyrste venda me finn han nemnd er i 1610, og sidan er han med i kvar skatteliste frametter til og med 1620, men etter det året ser me ikkje meir til han på Nesland. Som nemnt vart han skattlagd som husmann, noko som på denne tid rett og slett berre er eit skatteteknisk omgrep for ein bonde med lite råd. Me trur då heller ikkje at han var husmann i den nyare tydinga av ordet, tvert om vil me rekne med at han åtte parten sin i garden, og grunnen til at me trur dette er at me har ei opplysning i eit brev frå 1597 om at garden då var i eiga av Bjørgulv Nesland «og hans medbrødre». Dette tyder ikkje nødvendigvis at Jon og Bjørgulv var brør, ettersom «medbroder» berre er eit ålment uttrykk for familiesamband. Korleis sambandet mellom Jon og Bjørgulv kan ha vore laga, kjem me litt attende til nedanfor.  

{{thumb|Nesland 4.jpg|Mellom dei tinga Jon laut svara straffeskatt av var ein koparkjele og ei lita gryte, står det i skattelista. Kjelen her høyrer heime i Henriksen-samlinga, og er nok snautt så gamal som frå 1600-åra, men vonleg kan han likevel likne på den Jon hadde med seg til straffeskattetinget. Bilete frå Setesdalsmuseet.}
{{thumb|Nesland 4.jpg|Mellom dei tinga Jon laut svara straffeskatt av var ein koparkjele og ei lita gryte, står det i skattelista. Kjelen her høyrer heime i Henriksen-samlinga, og er nok snautt så gamal som frå 1600-åra, men vonleg kan han likevel likne på den Jon hadde med seg til straffeskattetinget. Bilete frå Setesdalsmuseet.}}
{{thumb|Nesland 6.jpg|Bjørgulv Nesland åtte ein tessak, fortel straffeskattelista. Desse sablane hadde noko ulik utforming, men den på biletet her er typisk nok. Om me seier at festet var 17 cm langt, så var bladet på ca 97 cm. Forsvarsmuseet har mange av desse blankvåpena, som vart innkaupte i store mengder frå Holland og Tyskland under kongane Fredrik II og Christian IV, og sidan tvangsselde til bøndene, som etter lova skulle vera utstyrde med kvar si «værge» i tilfelle krig. På denne bakgrunnne er det snodig at dei sidan kunne verta ekstra skattelagde for å eige våpena sine, men såleis var det.}}

Som gardbrukar på Nesland i 1614 kom Jon til å vera mellom dei bøndene som den hausten laut stille opp på straffeskattetinget på [[Rike (Valle)|Rike]] med husgeråd og kretur, for å få eignelutene sine takserte. Grunnen til dette var at alle bønder i [[Råbyggjelaget]] hadde vorte pålagde å yte halve verdet av lausøyren sin til kongens kasse som straff for skatte- og militærnekting i samband med [[[Kalmarkrigen]] 1611-13. Jon Nesland møtte som sagt på tinget, og dei eignelutene han synte fram var dei fylgjande:  
Som gardbrukar på Nesland i 1614 kom Jon til å vera mellom dei bøndene som den hausten laut stille opp på straffeskattetinget på [[Rike (Valle)|Rike]] med husgeråd og kretur, for å få eignelutene sine takserte. Grunnen til dette var at alle bønder i [[Råbyggjelaget]] hadde vorte pålagde å yte halve verdet av lausøyren sin til kongens kasse som straff for skatte- og militærnekting i samband med [[Kalmarkrigen]] 1611-13. Jon Nesland møtte som sagt på tinget, og dei eignelutene han synte fram var dei fylgjande:  

* 7 mk. forbrent kopar [1 kjele] (1 ort 13 skill)