Niels Henrik Abel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 12:41 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (omkat.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2013).
Minnesmerket på Abelhaugen i Slottsparken, av Gustav Vigeland, reist 1908.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012).
Ingebrikt Vig sitt vinnarutkast frå 1902, realisert på Blindern i 1967.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012).

Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa.

Slekt og familie

Han var son av sokneprest Søren Georg Abel (1772–1820) og Anne Marie Abel f. Simonsen (1781–1846), og var den neste eldste av seks ungar. Faren var frå slekta Abel.

Niels Henrik Abel vart ikkje gift, men var forlova med Christine Kemp frå juletider 1824 til han døydde.

Barndom

I 1802 var faren sokneprest til Finnøy prestegjeld. Ifølgje tradisjonen var foreldra på vitjing hos sorenskrivaren i Nedstrand då Niels Henrik vart fødd. Han skal ha bitt fødd tre månader for tidleg, og var livlaus inntil dei vaska han med raudvin. Han blei døypt i Hesby kyrkje den 6. september 1802.[1]

Søren Georg Abel vart i 1804 utnemnd til sokneprest til Gjerstad prestegjeld, der han etterfølgde faren Hans Mathias Abel som hadde dødd året før. På Finnøy hadde Søren Georg Abel starta eit leseselskap, sett i gong vaksinering mot koppar og han hadde vore med på å organisere kystforsvaret – han var ein av opplysningsprestane som gjorde seg gjeldande i denne tida. Han blir og rekna med bland potetprestane. Gjerstad var eit kjent område for dei, for Søren Georg Abel hadde vakse opp der, og Anne Marie Abel var frå Risør. Dit kom altså Niels Henrik som toåring, saman med sin eldre bror Hans Mathias (f. 1800). Han fikk først to brør til – Thomas Hammond Abel (f. 1805) og Peder Mandrup Tuxen Abel (f. 1807) – så systera Elisabeth Magdalena (1810–1873) og til sist broren Thor Henrik Carstensen Abel (f. 1814).

Den første undervisninga fekk han av faren og av ei søster av mora. Seinare hadde han òg lærar og kyrkjesongar Lars Thorsen Vævestad som lærar. Som lesebok nytta dei truleg katekismeboka faren hadde gjeve ut i 1806. Søren Georg Abel laga og ei handskriven lærebok i historie, geografi, dansk og matematikk. Merkeleg nok var Niels Henrik sitt første møte med matematikk linja «1+0=0».

I 1814 blei Søren Georg Abel vald inn som representant for Nedenes amt til det første overordentlige Storting, og han blei òg vald i 1818. Som prest var han populær, men som politikar gjekk det ikkje så bra. Mellom anna fekk han hausten 1814 kritikk for å ha skjenka fleire bonderepresentantar for å få dei til å følgje han i ein avstemming. Ikkje berre var bruken av alkohol uhørd; på den tida var det ikkje rekna som god tone å diskutere sakane i privat samanhang.

Opphaldet i Christiania førde til at han blei kjend med Katedralskulen, der Stortinget hadde møtene i festsalen. Han fekk ordna det så eldstesonen Hans Mathias kom inn som elev. Men då ha skulle reise til hovudstaden hausten 1815 blei han så trist og nedfor at dei i staden sende den berre tretten år gamle Niels Henrik. Han klarte opptaksprøva, og fant seg raskt til rette på skulen. Ved sidan av å få god undervisning, blei han òg interessert i teater. Elevane ved skulen fekk fribilletter til førestillingane til Det Dramatiske Selskab, og der ser ut til at han følgde desse med stor iver.

I 1816 hadde òg storebror Hans Mathias teke mot til seg, og byrja i same klassen som Niels Henrik. Dei delte hybel, og jobba nok mykje saman. Hans Mathias var den som fekk dei beste karakterane, medan Niels Henrik ikkje utmerka seg spesielt i dei første åra. I 1818 fekk så Bernt Michael Holmboe stillinga som matematikklærar på Katedralskulen. Han byrja gje dei sjølvstendige oppgåver, og då kom det fram eit heilt særskild talent hos Niels Henrik. Han imponerte så mykje at dei blei redde for at han kunne bli for einspora. Holmboe tok seg spesielt av han, og gav privattimer.

På same tida byrja det å bli klart at alt ikkje var godt heime. Det ser ut til at mora tidleg hadde fått eit alkoholproblem. I 1818 gjekk òg faren på ein smell. Rasjonalismen han representerte var i ferd med å bli erstatta av grundtvigianisme, og særleg Svend Borchmann Hersleb og Stener Johannes Stenersen ved Det teologiske fakultet gjekk løs på det dei meinte var vranglære. Stenersen plukka ut Abel sin katekisme frå 1806 som det verste eksempelet, og tok boka for seg punkt for punkt. Han gjekk så langt som til å skrive i avisa at ti tusen sjeler var på veg til fortaping på grunn av Abel sin vranglære. Sjølv om Søren Georg Abel tok til motmæle, var det Stenersen som hadde størst autoritet. I avisane blei det trykka nidvers om Søren Georg Abel, og han blei den mest utskjelte presten i landet. Politikerkarriera gjekk det òg dårleg med; der hadde det jo vært problem før òg. I ein del saker fekk han det som han ville; mellom anna var det Søren Georg Abel som foreslo å opprette ein veterinærskule, og han var sentral i arbeidet med nyordninga av skulen. Men i 1818 sa han frå Stortinget sin talarstol at Carsten Anker hadde gått frå løfter om utbetaling til arbeidarane sine, og at ein jurist som var stortingsmann hadde hjelpt han med dette. Carsten Anker - verten for Riksforsamlinga i 1814 – var ikkje ein mann ein kunne gå løs på utan prov, og løse skuldingar mot ein annan storingsmann var heller ikkje noko å kimse av. Det såg ein stund ut til at det gikk mot riksrett for Abel, men odelstinget meinte at det var sløsing med ressursar. I staden reiste Abel heim til Gjerstad. Han hadde drukke ein del før òg, men nå fekk han som kona eit verkeleg alkoholproblem. Våre 1820 døydde han, 48 år gamal. Kona var i si eiga verd, og etter gravferda gjekk ho til sengs med ein tenestekar.

Frå 1818 såg altså Niels Henrik og søskena at det gjekk mot undergangen for foreldra. Hans Mathias blei så prega av dette at han blei send heim av rektor; han klarte ikkje å konsentrere seg om skulen. Han rakk fram til faren sitt dødsleie. Han levde tjue år til hos mora, med store mentale problem. Niels Henrik på sin side kasta seg vidare inn i matematikken, og Holmboe omtala han på denne tida som «et udmærket mathematisk Genie» i karakterprotokollen. Samstundes veit vi at Niels Henrik Abel tok seg av søskena og mora økonomisk etter at faren døydde. Morfaren Niels Henrik Saxild Simonsen eigde eit av dei største handelshusa i Risør, men etter napoleonskrigane gjekk han konkurs, og han døydde fattig i 1820.

Studenttida

I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap.

Då han byrja studere fekk han friplass på studentheimen Regentsen, ein del av Mariboegården i Prinsens gate. I 1822 tok han anneneksamen, som då var namnet på «de examen philosophicum, og som den gongen hadde prøvar i fleire fag. Han fekk som på førsteeksamen (examen artium) beste karakter i matematikk og middels karakterer i alt anna.

Økonomisk sleit han; det lille han hadde gjekk stort sett til mora og søskena. Nokre av professorane hjalp han, mellom anna Christopher Hansteen. Kona hans, Andrea Hansteen, kalla han sin andre mor. Broren Peder flytta inn på studenthybelen, og delte seng med Niels Henrik. For søstera Elisabeth fekk han ordna ei stilling i Christiania; det ser ut til at han var særleg oppteken av å få ho vekk frå mora.

Det første vitskapelege artikkelen Abel fekk publisert kom våren 1823 i Magazin for Naturvidenskaberne sitt første nummer. Han arbeidde òg med eit større verk på fransk om differensialformlar. Rasmussen og Hansteen støtta ein søknad om økonomisk hjelp til å publisere, men kollegiet var meir forsiktige, og saka forsvann ein stad mellom kontora. I dei neste fire åra studerte han andre fag som kunne styrke hans matematiske arbeid, men det han gjerne ville var å reise til L'École Polytechnique i Paris og til Carl Friedrich Gauss i Göttingen. Sommaren 1823 fekk han 100 speciedalar av professor Rasmussen, som tok dei av eiga lomme, for å reise til København. Han arbeidde der mellom anna med Fermats siste teorem, og han fekk oppleve studentlivet i København. Han bodde hos ei moster som var gift med den danske sjøoffiseren Peder Mandrup Tuxen (den eine veslebroren var oppkalla etter han). På eit ball på marinebasen Christianshavn møtte han Christine Kemp, som han seinare vart forlova med. Dei dansa vals saman med på ballet - og ingen av dei kunne denne nye dansen. Men om dei tråkka kvarandre litt på føtene, fann dei tydelegvis tonen. Christine Kemp blei året etter guvernante i Son, og i juleferien 1824 vart dei forlova. Når dei skulle kunne gifte seg var i uvisse, for han hadde ikkje økonomi til det.

Våren 1824 hadde det rett nok ordna seg med eit stipend. Han fekk eit statleg stipend på 200 dalar i to år, og eit løfte om 600 salar til utanlandsreise i to nye år. Han hadde også klart å spare opp nok til å få trykt avhandlinga om femtegradslikninga. Den var på fransk og var pressa ned til seks små sider, og var knapt til å forstå for nokon. Han hadde sett for seg at avhandlinga skulle opne dører i Europa, men ho blei knapt lagt merke til. Sommaren 1825 skrev han til Karl III Johan personleg og bad om å få utanlandsstipendet straks, i staden for å måtte vente eit år til. Det gjekk kongen med på, og i september 1825 reiste han med ei frakteskute til København. Derifrå skulle han vidare til Gauss i Göttingen og så til Paris. I staden reiste han først til Berlin. Der møtte han ingeniøren August Leopold Crelle, som etter å ha møtt Abel fekk mot til å gje ut eit tyskspråkleg matematisk tidsskrift som kunne ta opp konkurransen med dei franske. På nyåret 1826 kom første nummer av Journal für die reine und angewandte Mathematik, og der fekk Abel moglegheit til å publisere det meste av det han rakk skrive. I Berlin gjekk han på salonger og i private selskap, og han fekk gått i teater. Han fekk òg raffinert løysinga på femtegradslikninga, og publiserte dette i Crelle sitt tidsskrift. I det første året hadde han heile fem artiklar i tidsskriftet, mellom anna ei banebrytande avhandling om binominalrekka der han la grunnen for ein moderne og meir stringent provføring.

Abel reiste saman med fire andre nordmenn: Christian P.B. Boeck, Balthazar Keilhau, Nicolay B. Møller og Otto Tank. Som nemnd skulle han eigentlig ha reist rett til Göttingen. Etter nokre månader i Berlin valde han i staden å reise med dei andre sørover i Tyskland. Han forklarte dette med at han blei så melankolsk av å vere aleine, og meinte at det var bra å lære seg betre tysk ved å gå i teatret. I Dresden møtte han kunstmålaren Johan Christian Dahl, og dei tok ei rundreise i Tsjekkia, Austerrike, Italia og Sveits. Så reiste Abel vidare til Paris, dit han kom i juli 1826.

Han hadde spart ei avhandling, som ikkje vart publisert i Crelles tidsskrift i Berlin. Dette presenterte han for Académie i Paris. Han fekk hjelp av kunstmålaren Johan Gørbitz til å finne husrom, og byrja på fullføringa av Paris-avhandlinga. Det var i den tida at Gørbitz portretterte Abel, det einaste biletet vi har av han som blei laga medan han levde. Avhandlinga var eit addisjonsteorem for algebraiske differensialar, og det er ikkje mange andre matematiske avhandlingar som har fått så store lovord. Han viste samanhengar ingen annan hadde tenkt på, og opna for nye vegar i matematisk forsking. I oktober 1826 vart ho levert inn. Medan han venta på svar arbeidde Abel med nokre andre avhandlingar og artiklar, og han vanka saman med andre vitskapsmenn. Det viste seg etter kvart at avhandlinga var lagt til sides. Det var A.L. Chauchy som la ho vekk; Abel meinte at han var den største matematikar i Paris. Han trudde resten av sitt liv at avhandlinga var tapt for alltid.

Attende til Noreg

Under opphaldet i Paris byrja Abel kjenne seg sjuk; han hosta og hadde feber. Etter en tid fekk han diagnosen tuberkulose. Sjølv trudde han ikkje på det, men det gjorde heller ikkje nokon skilnad, for det fanst ingen kur. Ved årsskiftet 1826/1827 reiste han til Berlin. Han takk nei til å bli redaktør for Crelles Journal, og ville heller heim til Noreg. I mai 1827 kom han hit, og dei fleste såg på reisa som mislykka. Han hadde jo fått trykt artiklar i Crelles tidsskrift, men det hadde enno ikkje fått noko internasjonal ry. Og Gauss hadde han ikkje vitja. Han fekk ikkje fornya stipendet, og måtte ta opp eit privat lån i Noregs Bank på 200 dalar – som han aldri fekk betalt attende. Då Finansdepartementet enno ein gong nekta han stipend, vedtok kollegiet å gje av eigne midlar.

Han fortsette med å sende avhandlingar til Crelle, som publiserte dei på løpanda band. Faktisk var Abel så produktiv at Crelle ikkje rakk å henge med. Han sendte sommaren 1828 òg ei avhandling om elliptiske funksjonar til Astronomische Nachrichten i Altona. Det blei litt lettare økonomisk då professor Hansteen reiste på ein ekspedisjon til Sibir, og Abel tok over ein del av undervisninga. Som konstituert dosent fekk han 400 dalar i året, mot dei 600 dalar som ein vanleg dosent fekk. Det var ikkje nokon utsikt til ein fast stilling.

Sommaren 1828 var han saman med Christine Kemp i seks veker. Ho var då guvernante på Froland jernverk. Dei snakka om å gifte seg, og at han skulle få ein stilling i Berlin. Det blei det ikkje noko av, og i staden fortsette han å skrive avhandlingar i Christiania på hausten. Han var òg sengeliggjande delar av hausten, og hadde ikkje krefter til å arbeide med likningsteoriar. Til jul ville han til Froland, og klarte å kome seg dit. Etter eit juleball gjekk han ut for å kjøle seg ned, og etter det byrja han å hoste blod. Han vart liggjande til sengs i Froland i tolv veker, med den beste legehjelpa ein kunne få. Han klarte å skrive to-tre sider der han oppsummerte innleiingstankane til den tapte Paris-avhandlinga.

Den 26 år gamle Abel skjønte etter kvart kor det bar, og at han låg på det siste. Han var rasande over at vitskapen ikkje kunne få bukt med sjukdomen, og så kunne han bli heilt apatisk i perioder. Han ba venen Keilhau om å ta seg av Christine Kemp, og dei to blei faktisk gift halvanna år seinare. Den 6. april 1829 døydde Niels Henrik Abel på Froland.

Ettermæle

Ved dødsstaden på Frolands jernverk står det òg eit minnesmerke over Abel.
Foto: Siri Johannessen (2017).

To dagar etter at Abel døydde, blei det meldt frå Paris at avhandlinga hadde blitt funne att. Ingen visste då at Abel var død. Året etter fekk han ein pris for avhandlinga, som etter ein del diskusjon i 1831 blei utbetalt til mora i Gjerstad. Crelle skreiv frå Berlin at no var det sikkert at Abel ville få fast jobb der.

Den 13. april 1829 blei Niels Henrik Abel gravlagd på Froland kyrkjegard. Først eit par år seinare kom det opp eit gravminne, betalt av venane hans.

Bernt Michael Holmboe fekk jobben med å redigere Abel sine samla arbeider, og i 1839 kom Œuvres complètes, avec des notes et développements. Den manglar ein viktig ting, nemlig Paris-avhandlinga. På eit eller anna vis hadde nokon klart å rote ho bort enno ein gong. Først i 1841 vart Paris-avhandlinga endeleg trykt i Paris-akademiet sitt tidsskrift. I 1881 kom ein tobindsutgåve av Œuvres complètes de Niels Henrik Abel, redigert og kommentert av Ludvig Sylow og Sophus Lie, og der er hans største avhandling med.

I 1902 blei det arrangert ein konkurranse om eit minnesmerke over Abel. Ingebrigt Vik vann, men det blei i staden Gustav Vigeland sin statue som blei laga og sett på på Abelhaugen i Slottsparken i 1908. Vik sitt utkast blei realisert på Blindern i 1967. Abel blei ein av våre største vitskapsheltar, og særleg etter 1905 blei han trekt fram som eit eksempel på kva Noreg kunne frambringe.

Niels Henrik Abels vei på Blindern i Oslo fekk namnet i 1936.

Referansar

  1. Niels Henrich i Ministerialbok for Finnøy prestegjeld 1773-1816 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder