Nordsamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordsamisk er det største av dei samiske språka. Tre av dei samiske hovuddialektane blir rekna til nordsamisk språk: finnmarkssamisk, som er hovudutgangspunktet for det offisielle skriftspråket; sjøsamisk; og tornesamisk, som utgjer ei overgangsform til lulesamisk språk. Nordsamisk i form av desse tre hovuddialektane blir tradisjonelt snakka blant samane i Finnmark fylke og Troms fylke samt Vesterålen og det meste av Ofoten i Nordland fylke i Noreg; i og kring Kiruna kommun i Sverige; og i Entekis, Utsjok og deler av Enare i Finland.