Nordstog Dalen (Bykle gnr 6/1): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(korr)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
| bgfarge      =  
| bgfarge      =  
| navn          = Nordstog Dalen
| navn          = Nordstog Dalen
| bilde        =  
| bilde        = Vatnedalen 2.jpg
| bildetekst    =  
| bildetekst    = Nordstog Dalen 5.8.2005. {{byline|Aanund Olsnes}}
| altnavn      = Der sø
| altnavn      = Der sø
| førstnevnt    =  
| førstnevnt    =  
Linje 23: Linje 23:
'''[[Nordstog Dalen (Bykle gnr 6/1)|Nordstog Dalen]]''', opphavleg '''Der sø''', er ein av [[Vatnedalen (Bykle gnr 6)|Vatnedalsgardane]] i [[Bykle kommune]]. Me reknar med at dette er det gamle hovudbølet på garden, og at det fekk bruksnamnet sitt etter at [[Der hite (Bykle gnr 6/4)|Der hite]] vart kløyvd ut kring år 1700. Når det gjeld plasseringa av bruka i terrenget, kan det passe å sitere hovudoppgåva av Olav Haslemo frå 1968 att:  

{{sitat|Bruka ligg beint aust-vest i høve til kvarandre, men målføret nyttar svært sjeldan nemninga vest. I staden vert nord brukt, og denne nemninga kjem såleis til å femne over  
{{sitat|Bruka ligg beint aust-vest i høve til kvarandre, men målføret nyttar svært sjeldan nemninga vest. I staden vert nord brukt, og denne nemninga kjem såleis til å femne over omlag halve kompasset.}}
omlag halve kompasset.}}
   
Som det vil ha gått fram ovanfor reknar me med at den fyrste som budde på bruket her etter at garden vart dela, var Torbjørn Knutsson, men han har me handsama i bolken om den udela garden, så den fyrste me skal sjå nærare på her er den nest eldste av sønene hans. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i eit militærmanntal frå 1718, som elles er siste venda me har funne han nemnd.  

Linje 37: Linje 36:
Som ein ser veit me ikkje kven Såve var gift med, og ikkje veit me mykje om han sjølv heller. Men iallfall ser det ut til at han har hatt sitt eige bruk frå ca år 1700. Om han til å byrje med hadde Der sø eller Der hite kan eigentleg vera uvisst nok, men etterdi det var skikken at eldste sonen skulle ha hovudbølet, reknar me sikkert med at han var her på bruket etter at faren døydde. [[Matrikkelen frå 1723]] peikar i same lei.  

{{thumb|Vatnedalen 3.jpg|Kornet vart skore med sigd. Denne ligg i Henriksen-samlinga i Bykle, med reg. Nr. MOR00325. Foto frå Setesdalsmuseet.}}
I den nemnde kjelda står det vidare at her var «Temmelig god Skov, og slet Seterbol». At det kunne vera dårleg med støyl («Seterbol») til Vatnedalen, er ikkje så lett å skjøne, men iallfall trudde matrikkelkommisjonen det. Vidare var her «Flomquern til Husbehov», men garden var tungdriven og skinnæm, står det. Når det gjeld buskap, hadde Såve hest ilag med Der hite, og sat elles med 5 kyr, 4 sauer og 10 geiter. Sånaden på garden var 6 skjepper bygg.  

Linje 79: Linje 79:
I 1731 skreiv Knut kontrakt med trelasthandlaren [[Claus Pedersen Topdahl]] i [[Kristiansand]] om at han skulle få eit visst kvantum tømmer or Vatnedalsskogen, og tok imot forskotsbetaling for dette. Men året etter skreiv han også kontrakt med trelasthandlaren [[Christian Brinch]], om at han sidan skulle ha fyrekaupsrett på alt det som kunne avvirkast av tømmer i Vatnedalsskogen. Dette kunne kanskje tyde på at Knut dreiv og selde skog på ei tid då han endå ikkje hadde nokon eigedomsrett til garden, men det er det vanskeleg å tru at han gjorde. Forklaringa må vel vera at det har gått fyre seg fleire handlar fram og attende, som me ikkje har funne spor etter. Men i 1733 overdrog Knut iallfall ein part av skogen sin til Olav Torleivsson Byklum, som han hadde kaupt garden hjå same året, og litt seinare selde han saman med farbroren Knut Torbjørnsson eit skogstykke til Claus Pedersen Topdahl i Kristiansand «for på 20 Aars tid at uthugge».  

{{thumb|Vatnedalen 4.jpg|Gamalt øksehovud. Øksa var den einaste reiskapen tømmerhoggarane på på 1700-talet hadde å hjelpe seg med. Dei styvde, kvista og berkte med øks. Berkjespaden høyrer nyare tid til. Øksa på biletet ligg i Henriksensamlinga i Bykle med reg.nr. MOR0567. Foto frå Setesdalsmuseet.}}
Dermed kan det sjå ut til at same skogen var seld minst to vender, og det var sjølvsagt å be om bråk. Christian Brinck sette sak, og i 1734 fall det dom, der Knut Torbjørnsson, som nå var busett på Hovden, vart sitjande med skulda for fadesen, og pålagt erstatningsansvar både andsynes Brinck og oppsitjarane i Vatnedalen. Men Claus Pedersen var ikkje nøgd med domen, ettersom han meinte at det framleis var lova ut meir tømmerlast enn det som kunne leverast, så i 1735 vart det ny sak. Her er delar av rettsreferatet uleseleg, men iallfall ser me at Knut Torbjørnssson dokumenterte at han for sin del ikkje hadde selt meir enn han åtte. Då måtte ansvaret hamne hjå Knut Såvesson, og fylgja vart at han laut pantsetje halve bruket sitt eller 1 1/2 kalveskinn. Kven panthavaren var er uvisst.  

Linje 95: Linje 96:

Så langt kome kan me setje opp eit familieoversyn:  

{{thumb|Vatnedalen 6.jpg|Sveipeøskje frå 1700-åra, breidde ca 35 cm, høgde ca 25 cm. Trosken er dekorert med svimerketeknikk, og ihopsauma med bjørketæger, ser ein. Loket, som var gjort av ein litt vidare trosk, er tydelegvis bortkome. Såvorne øskjer bruka jentene til å gøyme silkeplagg og liknande dyrgripar i. Det var gjerne rom til to øskjer øvst i ei vanleg utstyrskiste. Denne ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr.MOR00293.|Setesdalsmuseet}}
* '''Sigbjørn Torkjellsson Rannestad''', f ca 1693, d 1769  

: g 1. m Ingjerd Åsmundsdtr. Ryningen, f ca 1692, d 1749. Born, iallfall:  

Linje 317: Linje 319:
Eigedomen er ihopsett av mange teigar med hei og fjell, nokre av dei med ulike grader av sameige med ymse medeigarar. Når ein reknar ut det samla arealet som høyrer til bruket her, kjem ein til 101 375 mål. Det er den største fjelleigedomen som er samla på ei hand i Bykle.  

{{Byklesoga}}
{{Byklesoga|[[Vatnedalen (Bykle gnr 6)|Vatnedalen]]|[[Haugo (Bykle gnr 6/2)|Haugo]]}}

[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Bykle kommune]]
[[Kategori:Bykle kommune]]