Nordstrand krins: Forskjell mellom sideversjoner

mIngen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:


==Skulevegen==
==Skulevegen==
Styrkår Almenning skriv i Ein fjording fortel -minneoppgåve for eldre om skulevegen: "For oss som budde i Almenning og Eldevik var det lettvint å komme til skulen. Då var det verre for dei frå utkantane av krinsen. Både frå Vemmelsvik lengst vest og frå Midtvik lengst aust i bygda var det omlag 5 km til skulehuset. Det fanst heller ikkje opparbeidd veg - bortsett frå eit par hundre meter vest for Eldevik. Så skuleborna måtte traske i veglaus utmark 4-5 km til skulen og tilbake etter skuletid, annakvar dag haust og vår. Verst var det for dei frå Midtvik. Ein stad låg skulevegen høgt oppe i ei bergside, der dei måtte krype under ei fjellnov for å komme fram. Der var det 20¬-30 meter loddrett ned i fjorden under dei. - Eg grein kvar gong eg gjekk der, fortalde ei av jentene frå denne heimen."
Innhysing var vanlig haust og vinter. Almenning skriv vidare om innhysinga: "Søndags kveldane og måndags morgonane hadde sju-åringane mange tunge timar. Dei såg fram til ei endelaus lang veke borte frå far og mor. Så kom dei, oftast i lag med far sin med ransel og nisteskrin. Ranselen var nok lettare enn skuleranslane no til dags, men hjartet var tungt og humøret langt nede.(...)Dei eldre opplevde det vel litt annleis. Kameratflokken vart større og leikemiljøet rikare enn det dei hadde heime."
==Lærarar==
==Lærarar==
{| class="wikitable sortable"
{| class="wikitable sortable"