Norsk Barneblad: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:

Bladet var tufta på eit kristent verdigrunnlag, men kan ikkje kallast forkynnande. Stalleland var venstremann, og tilhøyrde den kristelege, verdikonservative fløya. Same året som han gjekk i gang med barnebladet, starta han avisa ''[[Nordmannen]]'', som var tenkt som ei motvekt mot ''[[Fedraheimen]]'', landsmålsavisa der kulturradikalismen dominerte under leiarskap av [[Arne Garborg]], [[Ivar Mortensson-Egnund]] og [[Rasmus Steinsvik]]. I [[Rasmus Løland]]s tid som redaktør for Norsk Barneblad (1902-1907) oppstod det ein viss otte for at bladet skulle bli «avkristna». Løland tilhøyrde nemleg den radikale [[Asker-kretsen|Asker-krinsen]] saman med fritenkjarar som Garborg og Steinsvik. Men Løland sjølv og andre sytte for den ønskte motvekta ved å knytte landsmålsteologane [[Peter Hognestad]], [[Bernt Støylen]] og [[Anders Hovden]] til bladet. Norsk Barneblad har elles vore oppfatta, og har iallfall i seinare år medvite gått inn for å vere livssynsnøytralt.

== Innhald og bidragsytarar ==
Frå fyrst av var innhaldet mest spennande og underhaldande forteljingar, mange skrivne av Stalleland sjølv, og seinare utgjevne som bøker. Bladet vart etterkvart rikt illustrert med originale teikningar. Det kom framhaldssoger, gjerne omsette klassikarar frå verdslitteraturen som ''Hjortefot'' og andre indianarbøker, ''Robinson Kruso'', ''Ferdi til Lilleputt-land'', [[Tsarkureren]] og mange andre. Morospaltar har vore med frå fyrste stund. Teikneseriar vart introdusert på 1930-talet (sjå nedanfor).
Ei lang rad kjende forfattarar, pressefolk og biletkunstnarar har gjeve sine bidrag gjennom tidene, og fleire av dei har på ymse måtar vore medarbeidarar i føretaket. Av desse kan nemnast [[Oscar Braaten]], Rasmus Løland, Anders Hovden, [[Tarjei Vesaas]], [[Halldis Moren Vesaas]], [[Herbjørn Sørebø]], [[Johan Bojer]], [[Johan Falkberget]], [[Mikkjel Fønhus]], [[Inger Hagerup]], [[Ragnar Hovland]], [[Olav Norheim]] og fleire. Blant illustratørane er det tre namn som har vorte særleg identifisert med Norsk barneblad: [[Jens R. Nilsen]], [[Solveig Muren Sanden]] og [[Håkon Aasnes]].
Til tider har Norsk Barneblad vorte kritisert for ikkje å følgje snøgt og godt nok med i samfunns- og kulturendringar. Det galdt særleg på 1960- og 1970-talet, da det vart hevda at bladet hadde for mange forteljingar frå barndomstida til dei ofte godt vaksne forfattarane, at landsbygda vart idealisert i høve til byen osv.
I dag innheld bladet mindre skjønnlitteratur, og dess meir aktuelle reportasjar og artiklar, hobbystoff, kryssord, morospalter, diskusjonsspalter, musikkstoff og mykje anna. Teikneseriane har vorte fleire og meir moderne enn Smørbukk, men han er framleis med. Lesarane blir oppmoda om å sende inn sine ting.
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer