Norsk Barneblad: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 18: Linje 18:


I dag innheld bladet mindre skjønnlitteratur, og dess meir aktuelle reportasjar og artiklar, hobbystoff, kryssord, morospalter, diskusjonsspalter, musikkstoff og mykje anna. Teikneseriane har vorte fleire og meir moderne enn Smørbukk, men han er framleis med. Lesarane blir oppmoda om å sende inn sine ting.
I dag innheld bladet mindre skjønnlitteratur, og dess meir aktuelle reportasjar og artiklar, hobbystoff, kryssord, morospalter, diskusjonsspalter, musikkstoff og mykje anna. Teikneseriane har vorte fleire og meir moderne enn Smørbukk, men han er framleis med. Lesarane blir oppmoda om å sende inn sine ting.
== Forlagsverksemd. Julehefte. Barnebøker. Teikneseriar ==
Frå 1918 til 1988 dreiv Norsk Barneblad også drive forlagsverksemd. Forlaget utgav i alt 225 bøker, 105 av desse omsette frå andre språk. Også før forlagsverksemda kom i gang, var Norsk Barneblad medverkande til utgjeving av bøker, mest gjennom [[Norsk målkontor|Norskt Maalkontor]].
Norsk Barneblad har særleg med sine julehefte gjort mykje for å fremje norsk teikneseriekunst, med Smørbukk som  den mest kjende figuren. Serien vart starta i 1938 med Jens R. Nilsen som teiknar og med manus av redaktør [[Andreas Haavold|Haavold]]. Jens R. Nilsen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes var i tur og orden faste teiknarar til Smørbukk, men har illustrert bladet rikeleg også elles. Aasnes er dagens Smørbukk-teiknar, og har vore det frå 1982. Han står også bak dei nyare teikneseriane i bladet, Annika (frå 1991) og Hanna (frå 1993).
Tuss og troll – som var teikneseriar baserte på norske folkeeventyr – tok til i 1944. Idéskapar og fyrste tekstforfattar var [[Øyvind Dybvad]]. Serien gjekk i bladet 1944-1955, og vart frå 1945 samla i faste julehefte, som kjem ut den dag i dag. Også i Tuss og Troll var Jens R. Nilsen fyrste teiknaren.
Det fyrste særskilde juleheftet av Norsk Barneblad kom i 1889, og frå 1898 vart dette årvisst (''Joletre'', sidan ''Juletre'') med opplag opp i 100 000.
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer