Norsk Barneblad: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 27: Linje 27:


Det fyrste særskilde juleheftet av Norsk Barneblad kom i 1889, og frå 1898 vart dette årvisst (''Joletre'', sidan ''Juletre'') med opplag opp i 100 000.
Det fyrste særskilde juleheftet av Norsk Barneblad kom i 1889, og frå 1898 vart dette årvisst (''Joletre'', sidan ''Juletre'') med opplag opp i 100 000.
== Eigarskap, driftsform og opplagstal ==
Eigar og utgjevar frå 1950-talet til i dag er eit «samyrkelag» med ymse målorganisasjonar som partnarar.
Frå byrjinga av og heilt til 1953 var Norsk Barneblad for det meste eit enkeltmannsføretak, der redaktøren som oftast også var identisk med utgjevaren. Lengst tid som utgjevar/redaktør hadde Andreas J. Haavoll 1916-1953. Han var utgjevar saman med redaktør Rasmus Steinsvik allereie frå 1912, og han heldt fram som driftsstyrar etter 1953, da bladet vart gjort til ei samyrkeverksemd, og fram til han døydde i 1958.
Samyrkelaget som var opretta i 1953, og som formelt overtok utgjevaransvaret frå 1. januar 1954,  bestod av [[Noregs Mållag]], [[Noregs Ungdomslag]], [[Bondeungdomslaget i Oslo]] og [[Norsk Måldyrkingslag]]. Haavoll hadde allereie i 1949 tenkt på å overlate bladet til Noregs Mållag, men kom til at Norsk Måldyrkingslag måtte kome med for å sikre ein konservativ, nynorsk språkprofil som han sjølv ønskte å oppretthalde.
Frå 2008 er [[Nynorsk kultursentrum]] også del av samyrkelaget.  Verksemda blir leia av eit styre.
Samyrkelaget fekk overta verksemda vederlagsfritt i 1954. Tilskot til drifta fekk dei heilt frå byrjinga av eit fond som Haavoll hadde oppretta for føremålet tre år tidlegare. Eit brukbart driftsoverskot i 1960- og 1970-åra vart gunstig plasserte i eigedomar og fonds, og dette gjev framleis avkasting. Frå 1994 har bladet hatt tilskot frå [[Norsk kulturråd]]. I tillegg til abonnementsinntektene har særleg salet av Juletre og dei andre julehefta hatt mykje å seia for økonomien.
Fyrste nummeret av Sysvorti vart sendt ut til 36 abonnentar. Etterkvart fekk bladet stor utbreiing. I 1916 hadde opplaget nådd 11 000. Opplagstoppen vart nådd i 1978 med 17 000 eksemplar. Etter den tid har opplag og tingartal gått nedover inntil det stabiliserte seg på vel 3000 rundt 2005.
== Kjelder og litteratur ==
== Referansar ==
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer