Norsk Barneblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2016 kl. 11:44 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Norsk Barneblad''' har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, ''Jule...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, Juletre. Norsk barneblad var også lenge eit forlag som gav ut bøker og hefte utanom barnebladet. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er Smørbukk, som framleis er fast serie i bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet Tuss og Troll har også vore ein suksess.