Norsk Barneblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året pluss eit eige julehefte i desember, Juletre. Norsk barneblad var også lenge eit forlag som gav ut bøker og hefte utanom barnebladet. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er Smørbukk, som framleis er fast serie i bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet Tuss og Troll har også vore ein suksess. Bladet kom ut i Grimstad 1887–1902, i Oslo 1902–64, i Larvik 1964–91, deretter på nytt i Oslo. Eigar og utgjevar er Samyrkelaget Norsk barneblad. Redaktør er Nana Rise-Lynum.

Grunnlegging, føremål og verdigrunnlag

Bladet vart starta av den unge bondestudenten Kristen Stalleland frå Landvik ved Grimstad. Det var på fleire vis eit pionerarbeid, sjølv om det i 1880-åra også kom ut ei handfull andre blad for born og ungdom på riksmål. Det hadde også funnest eit nynorsk blad for unge tidlegare, nemleg Maaltrosten, utgjeve av Lars Kinsarvik i Ullensvang. Men det kom ut berre det eine året 1874-1875.

Stalleland kalla fyrst bladet sitt for Sysvorti. Norskt Barnablad. «Sysvorti» er eit dialektuttrykk for svarttrosten, og namnet var kanskje inspirert av Kinsarviks måltrost?

Norsk Barneblad vart starta for å gje borna auka tilgang på underhaldning og opplysning, og det på ein måte som viste at ein tok borna på alvor. Det skulle vere god, sunn og morosam lesnad, med særleg omtanke for at borna i Bygde-Noreg skulle kjenne seg heime i det som stod der. Som det framgjekk av fyrste sida i det fyrste nummeret, skulle bladet «bruke heimlege Ord og heimlege Tonar og [freiste] aa faa Borni til aa hugleggja det norske Maalet». Landsmålet var ei hovudsak for Stalleland.

Bladet var tufta på eit kristent verdigrunnlag, men kan ikkje kallast forkynnande. Stalleland var venstremann, og tilhøyrde den kristelege, verdikonservative fløya. Same året som han gjekk i gang med barnebladet, starta han avisa Nordmannen, som var tenkt som ei motvekt mot Fedraheimen, landsmålsavisa der kulturradikalismen dominerte under leiarskap av Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. I Rasmus Lølands tid som redaktør for Norsk Barneblad (1902-1907) oppstod det ein viss otte for at bladet skulle bli «avkristna». Løland tilhøyrde nemleg den radikale Asker-krinsen saman med fritenkjarar som Garborg og Steinsvik. Men Løland sjølv og andre sytte for den ønskte motvekta ved å knytte landsmålsteologane Peter Hognestad, Bernt Støylen og Anders Hovden til bladet. Norsk Barneblad har elles vore oppfatta, og har iallfall i seinare år medvite gått inn for å vere livssynsnøytralt.

Innhald og bidragsytarar

Frå fyrst av var innhaldet mest spennande og underhaldande forteljingar, mange skrivne av Stalleland sjølv, og seinare utgjevne som bøker. Bladet vart etterkvart rikt illustrert med originale teikningar. Det kom framhaldssoger, gjerne omsette klassikarar frå verdslitteraturen som Hjortefot og andre indianarbøker, Robinson Kruso, Ferdi til Lilleputt-land, Tsarkureren og mange andre. Morospaltar har vore med frå fyrste stund. Teikneseriar vart introdusert på 1930-talet (sjå nedanfor).

Ei lang rad kjende forfattarar, pressefolk og biletkunstnarar har gjeve sine bidrag gjennom tidene, og fleire av dei har på ymse måtar vore medarbeidarar i føretaket. Av desse kan nemnast Oscar Braaten, Rasmus Løland, Anders Hovden, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Herbjørn Sørebø, Johan Bojer, Johan Falkberget, Mikkjel Fønhus, Inger Hagerup, Ragnar Hovland, Olav Norheim og fleire. Blant illustratørane er det tre namn som har vorte særleg identifisert med Norsk barneblad: Jens R. Nilsen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes.

Til tider har Norsk Barneblad vorte kritisert for ikkje å følgje snøgt og godt nok med i samfunns- og kulturendringar. Det galdt særleg på 1960- og 1970-talet, da det vart hevda at bladet hadde for mange forteljingar frå barndomstida til dei ofte godt vaksne forfattarane, at landsbygda vart idealisert i høve til byen osv.

I dag innheld bladet mindre skjønnlitteratur, og dess meir aktuelle reportasjar og artiklar, hobbystoff, kryssord, morospalter, diskusjonsspalter, musikkstoff og mykje anna. Teikneseriane har vorte fleire og meir moderne enn Smørbukk, men han er framleis med. Lesarane blir oppmoda om å sende inn sine ting.