Norsk Barneblad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jun. 2016 kl. 06:44 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Bilete)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida av fyrste utgåva av Sysvorti (Norsk Barneblad), januar 1887.

Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887, og er eitt av dei eldste eksisterande blad for born i verda. Det kjem ut 11 månader i året, og dertil med eit eige julehefte i desember, Juletre. Norsk Barneblads Forlag har utanom barnebladet også gjeve ut teikneseriehefte og eit stort tal barnebøker. Språkforma i utgjevingane har alltid vore landsmål/nynorsk. Norsk Barneblad har vore ein viktig del av målrørsla gjennom heile si historie, men har også hatt mykje å seie for utviklinga av underhaldnings- og kulturtilbod for born uavhengig av den målpolitiske ståstaden. Bladet og bokutgjevingane har gjort mykje for å framdyrke norsk barnelitteratur, og ikkje minst for å gjere tilgjengeleg europeiske og amerikanske klassikarar på området. Norsk Barneblad var tidleg ute med bruk av teikneseriar. Mest kjend er Smørbukk, som framleis er fast serie på baksida av bladet, og som også kjem ut som eige julehefte. Juleheftet Tuss og Troll har også vore ein suksess. Norsk Barneblad kom ut i Grimstad 1887–1902, i Oslo 1902–64, i Larvik 1964–91, deretter på nytt i Oslo. Eigar og utgjevar er Samyrkelaget Norsk Barneblad. Redaktør og dagleg leiar er Nana Rise-Lynum.


Grunnlegging, føremål og verdigrunnlag

Kristen Stalleland (1861-1949).
Foto: Ukjent.

Bladet vart starta av den unge bondestudenten Kristen Stalleland frå Landvik ved Grimstad. Det var på fleire vis eit pionerarbeid, sjølv om det i 1880-åra også kom ut ei handfull andre blad for born og ungdom på riksmål. Det hadde også funnest eit nynorsk blad for unge tidlegare, nemleg Maaltrosten, utgjeve av Lars Kinsarvik i Ullensvang. Men det kom ut berre det eine året 1874-1875.

Stalleland kalla fyrst bladet sitt for Sysvorti. Norskt Barnablad. «Sysvorti» er eit dialektuttrykk for svarttrosten, og namnet var kanskje inspirert av Kinsarviks måltrost?

Norsk Barneblad vart starta for å gje borna auka tilgang på underhaldning og opplysning, og det på ein måte som viste at ein tok borna på alvor. Det skulle vere god, sunn og morosam lesnad, med særleg omtanke for at borna i Bygde-Noreg skulle kjenne seg heime i det som stod der. Som det framgjekk av fyrste sida i det fyrste nummeret, skulle bladet «bruke heimlege Ord og heimlege Tonar og [freiste] aa faa Borni til aa hugleggja det norske Maalet». Landsmålet var ei hovudsak for Stalleland.

Bladet var tufta på eit kristent verdigrunnlag, men kan ikkje kallast forkynnande. Stalleland var venstremann, og tilhøyrde den kristelege, verdikonservative fløya. Same året som han gjekk i gang med barnebladet, var han med og starta avisa Nordmannen, som var tenkt som ei motvekt mot Fedraheimen, landsmålsavisa der kulturradikalismen dominerte under leiarskap av Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. I Rasmus Lølands tid som redaktør for Norsk Barneblad (1902-1907) oppstod det ein viss otte for at bladet skulle bli «avkristna». Løland tilhøyrde nemleg den radikale Asker-krinsen saman med fritenkjarar som Garborg og Steinsvik. Men Løland sjølv og andre sytte for den ønskte motvekta ved å knytte landsmålsteologane Peter Hognestad, Bernt Støylen og Anders Hovden til bladet. Norsk Barneblad har elles vore oppfatta, og har iallfall i seinare år medvite gått inn for å vere livssynsnøytralt.

Innhald og bidragsytarar

Framsida på Norsk Barneblad april 1894. Både tekstar og illustrasjonar var ofte henta frå utanlandske magasin.

Frå fyrst av var innhaldet mest spennande og underhaldande forteljingar, mange skrivne av Stalleland sjølv, og seinare utgjevne som bøker. Bladet vart etterkvart rikt illustrert med originale teikningar. Det kom framhaldssoger, gjerne omsette klassikarar frå verdslitteraturen som Hjortefot og andre indianarbøker, Robinson Kruso, Ferdi til Lilleputt-land, Tsarkureren og mange andre. Morospaltar har vore med frå fyrste stund. Teikneseriar vart introdusert på 1930-talet (sjå nedanfor).

Ei lang rad kjende forfattarar, pressefolk og biletkunstnarar har gjeve sine bidrag gjennom tidene, og fleire av dei har på ymse måtar vore medarbeidarar i føretaket. Av desse kan nemnast Oscar Braaten, Rasmus Løland, Anders Hovden, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Herbjørn Sørebø, Johan Bojer, Johan Falkberget, Mikkjel Fønhus, Inger Hagerup, Ragnar Hovland, Olav Norheim og fleire. Blant illustratørane er det tre namn som har vorte særleg identifisert med Norsk barneblad: Jens R. Nilsen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes.

Til tider har Norsk Barneblad vorte kritisert for ikkje å følgje snøgt og godt nok med i samfunns- og kulturendringar. Det galdt særleg på 1960- og 1970-talet, da det vart hevda at bladet hadde for mange forteljingar frå barndomstida til dei ofte godt vaksne forfattarane, at landsbygda vart idealisert i høve til byen osv.

I dag innheld bladet mindre skjønnlitteratur, og dess meir aktuelle reportasjar og artiklar, hobbystoff, kryssord, morospalter, diskusjonsspalter, musikkstoff og mykje anna. Teikneseriane har vorte fleire og meir moderne enn Smørbukk, men han er framleis med. Lesarane blir oppmoda om å sende inn sine ting.

Forlagsverksemd. Julehefte. Barnebøker. Teikneseriar

Frå 1918 har Norsk Barneblad også drive forlagsverksemd. Bokutgjevingane vart det mest slutt med frå 1988. Til da hadde Norsk Barneblads Forlag gjeve ut i alt 225 bøker, 105 av desse omsette frå andre språk. Også før forlagsverksemda kom i gang, var Norsk Barneblad medverkande i utgjeving av bøker, mest gjennom Norskt Maalkontor. Forlagsverksemda gjekk vidare også etter 1988 med utgjeving av julehefta. Så seint som i 2012 vart bladet si 125-års jubileumshistorie utgjeven på Norsk Barneblads Forlag. Julehefta Smørbukk og Tuss og Troll har derinmot i seinare år vore utgjevne av Egmont forlag.

Norsk Barneblad har særleg med julehefta sine gjort mykje for å fremje norsk teikneseriekunst, med Smørbukk som den mest kjende figuren. Serien vart starta i 1938 med Jens R. Nilsen som teiknar og med manus av redaktør Haavold. Jens R. Nilsen, Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes var i tur og orden faste teiknarar til Smørbukk, men har illustrert bladet rikeleg også elles. Aasnes er dagens Smørbukk-teiknar, og har vore det frå 1982. Han står også bak dei nyare teikneseriane i bladet, Annika (frå 1991) og Hanna (frå 1993).

Tuss og troll – som var teikneseriar baserte på norske folkeeventyr – tok til i 1944. Idéskapar og fyrste tekstforfattar var Øyvind Dybvad. Serien gjekk i bladet 1944-1955, og vart frå 1945 samla i faste julehefte, som kjem ut den dag i dag. Også i Tuss og Troll var Jens R. Nilsen fyrste teiknaren.

Det fyrste særskilde juleheftet av Norsk Barneblad kom i 1889, og frå 1898 vart dette årvisst (Joletre, sidan Juletre) med opplag opp i 100 000.

Eigarskap, driftsform og opplagstal

Eigar og utgjevar frå 1950-talet til i dag er eit «samyrkelag» med ymse målorganisasjonar som partnarar.

Frå byrjinga av og heilt til 1953 var Norsk Barneblad for det meste eit enkeltmannsføretak, der redaktøren som oftast også var identisk med utgjevaren. Lengst tid som utgjevar/redaktør hadde Andreas J. Haavoll 1916-1953. Han var utgjevar saman med redaktør Rasmus Steinsvik allereie frå 1912, og han heldt fram som driftsstyrar etter 1953, da bladet vart gjort til ei samyrkeverksemd, og fram til han døydde i 1958.

Samyrkelaget som vart opretta i 1953, og som formelt overtok utgjevaransvaret frå 1. januar 1954, bestod av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo og Norsk Måldyrkingslag. Haavoll hadde allereie i 1949 tenkt på å overlate bladet til Noregs Mållag, men kom til at Norsk Måldyrkingslag måtte kome med for å sikre ein konservativ, nynorsk språkprofil som han sjølv ønskte å oppretthalde.

Frå 2008 er Nynorsk kultursentrum også del av samyrkelaget. Verksemda blir leia av eit styre.

Samyrkelaget fekk overta verksemda vederlagsfritt i 1954. Tilskot til drifta fekk dei heilt frå byrjinga av eit fond som Haavoll hadde oppretta for føremålet tre år tidlegare. Eit brukbart driftsoverskot i 1960- og 1970-åra vart gunstig plasserte i eigedomar og fonds, og dette gjev framleis avkasting. Frå 1994 har bladet hatt tilskot frå Norsk kulturråd. I tillegg til abonnementsinntektene har særleg salet av Juletre og dei andre julehefta hatt mykje å seia for økonomien.

Fyrste nummeret av Sysvorti vart sendt ut til 36 abonnentar. Etterkvart fekk bladet stor utbreiing. I 1916 hadde opplaget nådd 11 000. Opplagstoppen vart nådd i 1978 med 17 000 eksemplar. Etter den tid har opplag og tingartal gått nedover inntil det stabiliserte seg på vel 3000 rundt 2005.

Redaktørar

Kjelder og litteratur

  • Helleve, Eirik: Skrinet med det rare i. Norsk Barneblad 125 år. Norsk Barneblads Forlag 2012.
  • Norsk allkunnebok oppslag om Norsk Barneblad. 1959.
  • Proff (firmaopplysningar)

Referansar