Ola Martinus Høgåsen

Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen.

Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Foto: Pål Kluften.


Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen (Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen.

Familie, oppvekst og utdanning

Ola Martinus Høgåsen var fødd som eldstemann i ein syskenflokk på 10 på småbruket Høgåsen i Tjura krins i Grue kommune. Foreldra var Anton Høgåsen (fødd 1876) og Lina Høgåsen fødd Jensrud. Dei dreiv småbruket saman, og Anton hadde arbeid i skogen attåt. Bruket Høgåsen var opphavleg husmannsplass, men Anton hadde kjøpt den til sjølveige i 1895. Både på fars- og morssida hadde Ola Martinus svenske og finske innvandrarar i slekta. Han forfinska stundom namnet sitt til Mattio Reisanen.

Ola Martinus voks opp i ein politisk engasjert og kulturelt interessert familie. Det var mykje forteljing og song i heimen. Både faren Anton og farfaren Martinus var radikale venstremenn.

 
Høgåsen ved skrivebordet i familiens heim Grindstugu i Vågå, tidleg på 1960-talet

Etter folkeskule og framhaldsskule arbeidde Høgåsen tre vintrar i skogen, før han gjekk toårig lærarskule i Oslo. Han tok lærareksamen i 1921. Han hadde før det byrja på underoffiserskule, men slutta der etter kort tid. Vinteren 1926-1927 tok han vidareutdanning ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim.

Høgåsen var gift med Helga Oppheim, dotter av gardbrukarparet Sjugurd og Mari Oppheim. Ola Martinus og Helga Høgåsen fekk tre søner og ei dotter.

Yrkeslivet

Fyrste hausten etter lærareksamen byrja Høgåsen som lærar og klokkar i Skåbu i Nord-Fron. Der var han til 1931, da han tok lærarpost i ein annan krins i kommunen, Kjørum i Kvam.

I desember 1938 flytta familien til Vågå, der Høgåsen var lærar og klokkar og sidan skulestyrar ved Vågåmo skule. Frå 1951 var han skuleinspektør i kommunen til helsa svikta og han gjekk av med uførepensjon i 1960.

Familien budde i klokkargarden Grindstugu. Dei vart utkasta derifrå av NS-styret under krigen, men Høgåsen fekk etter krigen kjøpt den vesle garden.

Politikk og samfunnsengasjement elles

Høgåsen var sterkt engasjert i mange saker, og var ikkje redd for å ta på seg arbeidsoppgåver og ansvar på dei felta han brann for. Følgjande oversyn over engasjement og tillitsverv viser både breidda i interesser og omfanget av den frivillige innsatsen han la ned:

Partiarbeid og kommunale verv

Høgåsen var aktiv i Arbeidarpartiet heile sitt vaksne liv, men det hende at han kom i opposisjon til sentralleiinga. Det galdt særleg uttalt i 1962, der Høgåsen var ein ivrig motstandar av Fellesmarknaden. Han engasjerte seg også i kampanjen mot atomvåpen på norsk jord.

Som politikar hadde han iallfall desse verva (lista er neppe uttømande):

  • Medlem av det fyrste styret i Gudbrandsdalen arbeidarparti frå 1923 etter partisplittinga Arbeidarpartiet/Kommunistpartiet.
  • Medlem av Nord-Fron heradsstyre 1925-1938, seks av åra som varaordførar.
  • Formann i Fron fjellstyre.
  • Formann i plan- og tiltaksnemnda i Nord-Fron.
  • Formann i trygdenemnda i Nord-Fron.
  • Skipar av og formann i Skåbu arbeidarlag.
  • Formann i Nord-Fron arbeidarparti.
  • Medlem av Vågå heradsstyre 1945-1960, ordførar 1946-1951.

Gymnassaka

 
Høgåsen var ein habil amatørmålar. Her eit motiv frå Skjåk, Ofossen mølle. Det er måla i 1944.
Foto: Kristian Hosar.

Frå 1920-åra, kanskje før, hadde det vore arbeidd for skipe eit landsgymnas i Hamar bispedøme. Som formann i Gudbrandsdal gymnaslag fekk Høgåsen i slutten av 1930-åra i gang eit samarbeid mellom 13 kommunar om dette. I 1946 kunne Gudbrandsdal offentlege landsgymnas ta til med verksemda på Vinstra i Nord-Fron. Høgåsen var i mange år medlem i forstandarskapet for gymnaset.

Lærarlaget

Høgåsen var aktiv i Norsk lærarlag, mellom anna som formann i Vågå lærarlag og i Oppland lærarlag. Det gjorde sitt til å styrke hans innsats for læraraksjonen mot nazifiseringa under okkupasjonen.

Småbrukarrørsla

Særleg i den tida han var i Skåbu og Kvam var Høgåsen aktiv i småbrukarrørsla. Han var formann i grendelaget Sjoa småbrukarlag og i heradssamskipnaden Nord-Fron småbrukarlag. Han var dessutan sekretær i bureisingslaget i Nord-Fron.

Fråhald

Høgåsens fråhaldsengasjement var forankra i arbeidarrørsla, men han var også verksam i IOGT. Han var formann i Kvam arbeidarfråhaldslag og medlem i landsstyret for Arbeidernes avholdslandslag.

Målreising, lokalhistorie og anna kulturengasjement

 
Høgåsen og Tore Ørjasæter på ferja i Geirangerfjorden etter ein stemnetur på Vestlandet, tidleg på 1960-talet.
 
Høgåsen og Åsta Holth på Hovden-stemna i Ørsta i 1960.

Målmann fortel Høgåsen sjølv at han hadde vore frå gutedagane. I 1938 vart han nestformann i Austmannalaget. Det var eit nytt styre med Håvard Skirbekk som formann. Det gjekk inn for austlandske eller samnorske former i den rettskrivingsdebatten som pågjekk nett da. Det nye styret vart valt i opposisjon til det førre som kjempa for den høgnorske linja (Ivar Aasens i-mål-former).

Høgåsen var formann i Gudbrandsdal lærarmållag, styremedlem i Noregs lærarmållag og styremedlem og i tre år nestleiar i Noregs mållag. Han ivra sterkt for nynorsk i skulemål i Gudbrandsdalen. Lærarmållaget samla tilfang til og Høgåsen redigerte eit agitasjonsskrift som kom ut i 1937. Dette var del av ein ny framstøyt for målsaka, mellom anna med bakgrunn i rettskrivingsreforma av 1938. Framstøyten lykkast overmåte godt. I 1937 hadde 38 av ca. 100 skulekrinsar i Gudbrandsdalen gått over til nynorsk. Innan 1940 hadde alle skulekrinsane nord for Fåberg valt nynorsk som hovudmål. (Sjå Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen.)

Han la mykje vekt på at målsaka også var ei klassesak for arbeidarrørsla. Til dømes tittelen på ei brosjyre han gav i 1956 er ein peikepinn om det: Skulemålet i Hålogaland: ord til arbeidsfolk og til andre. I 1961 vart eit anna skrift av han utgjeve av Gudbrandsdal Arbeidarmållag.

Si interesse for svensk og finsk innvandring, særleg til barndomstraktene hans, fekk han høve til å studere i 1938. Da fekk han statsstipend til ei studiereise i Sverige og Finland.

Høgåsen var formann i Dølaringen 1945-1964 og var i den same tjueårsbolken redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. I dette arbeidet fekk Høgåsen kombinert si interesse både for målreisingstanken, folkeopplysning, lokalhistorie og kulturhistorie. Dei same interessene motiverte også hans innsats som medarbeidar i Norsk Allkunnebok, Norsk ordbok og i Norske Gardsbruk.

Han var også interessert i folkemusikk, og gjorde ein god del innsamlingsarbeid med bandopptakar i 1950-åra. Han var med som organisator da Vågå spelemannslag kom i gang i 1952.

Høgåsen samla i mange år tilfang til bygdebok for Vågå, Sel og Heidal. Han dreiv mykje med slektsgransking og innsamling av folkeminne.

Motstandsmannen 1940-1945

 
Fotografert ved det illegale radioapparatet i maidagane 1945. Høgåsen ståande nr. 2 frå venstre. Sitjande til høgre fremst er Kristen Aanstad, som var husvert for familien Høgåsen under eksilet i Skjåk. Høgåsen og Aanstad var hovudmenn i spreiinga av illegale aviser i Skjåk under krigen.

Under krigshandlingane i april 1940 organiserte Høgåsen eit frivilllig heimevern i Ottadalsbygdene. Den 15. april fekk han ein «militær telefon» med oppmoding til dette. Bakgrunnen var landinga av tyske fallskjermsoldatar på Dombås nett da kongen og delar av regjeringa var i området, i fleire dagar nettopp i Vågå. Høgåsen sette seg straks i samband med lensmenn, skyttarlagsformenn og lærarar i Skjåk, Lom og Sel, og sette seg sjølv i spissen for tiltaka i Vågå. Det vart organisert vakthald ved bruer og etablert meldingsteneste. Mange titals frivillige menn stilte opp og vart væpna. NS-folk vart i følgje Høgåsens rapport «skygga dag og natt», og somme av dei vart arresterte.

Julekvelden 1941 fekk Høgåsen avskilsbrev som lærar, grunngjeve med at han det føregåande året hadde synt «fiendtleg innstilling til N.S. og nyordninga og virket i de oppløste partiers ånd». Han livnærde seg deretter dels som gardsarbeidar, dels som omreisande bokseljar m.m. Reisinga gav han høve til å drive illegalt arbeid i heile Gudbrandsdalen. I samband med læraraksjonen vart han våren og sommaren 1942 arrestert to gonger. Han unngjekk å bli send til Kirkenes, da han jo ikkje lenger var lærar, og slapp fri båe gongane. Frå 1. juli fekk han forbod mot å opphalde seg i Vågå. Dei følgjande tida budde han i Bøverdalen og andre stader i Lom, Grue og Skåbu. Frå mai 1943 og heilt til freden kom, budde familien hjå Kristen og Livø AanstadSygard Ånstad i Skjåk, der Høgåsen offisielt var tilsett som gardsarbeidar.

Diktaren

Høgåsen har mellom anna gjeve ut to diktsamlingar (Vårbekk vaknar: Klunk på ymse strenger, 1923, Kolbein Sterke og andre kvæde: Dikt for bonde- og arbeidarungdomen,1929) og fleire barnebøker med forteljingar og songar. For ei av barnebøkene, Mat for Mons, 1939, vart han tildelt Melsom-prisen i 1940. Han har elles skrive ei mengd dikt, songar og forteljingar som har vore publiserte i ymse blad, årbøker osv. Nynorskversjonen av Internasjonalen vart fyrst publisert i Kolbein Sterke.

Bibliografi

Kjelder og litteratur