Olai Ovenstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Tilleggsopplysningar)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Olai Ovenstad]]''' (f. 1870, d.1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis [[Hæren]] var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på [[Riksarkivet]]. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Olai Ovenstad]]''' (fødd 19. april 1870, død 28. juni 1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han er mest kjend for sine offisersbiografiar og plansjeverket over den norske hærens organisasjon 1628-1818.</onlyinclude>


Ovenstad gav og ut 2 band: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814''. [[Norsk_Slektshistorisk_Forening|Norsk slektshistorisk forening]], Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF.
Ovenstad var fødd i Christiania. Han tok eksamen ved [[Feltartilleriets underoffisersskole]] ([[Halden]]) i 1893. Han gjekk også [[Statens kunst- og håndverksskole]]. Ovenstad var tilsett i staben til [[Kommanderande general]] frå 1904-1929. Der la han grunnlaget for sitt inngåande kjennskap til militærarkiva, som han gjorde seg god nytte av i sitt omfattande militærhistoriske arbeid.
 
Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis [[Hæren]] var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på [[Riksarkivet]]. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).
 
Ovenstad gav og ut i to band: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814''. [[Norsk_Slektshistorisk_Forening|Norsk slektshistorisk forening]], Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han skreiv elles ei rekkje militær- og slektshistoriske artiklar, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i [[Norsk militært tidsskrift]] bd. 93 (Oslo 1930).
 
Ovenstad hadde [[Kongens fortjenstmedalje|H.M.Kongens fortenestemedalje]] i gull, og vart i 1929 tildelt Ridderkorset av første klasse av [[St. Olavs orden]] for sitt militære granskingsarbeid.


<gallery>
<gallery>
Linje 8: Linje 14:
</gallery>
</gallery>
===Kjelder===
===Kjelder===
*''Norsk slektshistorisk tidsskrift'', bd. XIV, Oslo 1954, side 344. (Nekrolog.)
*[http://www.arkivverket.no/fk/classes/fk_arkiv.php?qc=c1cbc0d08b55e9306338769329ee17a4&ft=1&arkivenhetid=3157 Om Olai Ovenstad og privatarkivet etter han i felleskatalogen på Arkivverket] henta 16.9.2009
*[http://www.arkivverket.no/fk/classes/fk_arkiv.php?qc=c1cbc0d08b55e9306338769329ee17a4&ft=1&arkivenhetid=3157 Om Olai Ovenstad og privatarkivet etter han i felleskatalogen på Arkivverket] henta 16.9.2009


*[http://www.genealogi.no/NST/pdf_artikler_online.htm#ovenstad Ovenstad bd 1 og 2 på www.genealogi.no] henta 16.9.2009
*[http://www.genealogi.no/NST/pdf_artikler_online.htm#ovenstad Ovenstad bd 1 og 2 på www.genealogi.no] henta 16.9.2009


*Norsk
[[Kategori: Militærhistorie]]
[[Kategori: Militærhistorie]]
[[Kategori: Slektshistorie]]
[[Kategori: Slektshistorie]]
{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 8. okt. 2009 kl. 08:21

Olai Ovenstad (fødd 19. april 1870, død 28. juni 1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han er mest kjend for sine offisersbiografiar og plansjeverket over den norske hærens organisasjon 1628-1818.

Ovenstad var fødd i Christiania. Han tok eksamen ved Feltartilleriets underoffisersskole (Halden) i 1893. Han gjekk også Statens kunst- og håndverksskole. Ovenstad var tilsett i staben til Kommanderande general frå 1904-1929. Der la han grunnlaget for sitt inngåande kjennskap til militærarkiva, som han gjorde seg god nytte av i sitt omfattande militærhistoriske arbeid.

Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).

Ovenstad gav og ut i to band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han skreiv elles ei rekkje militær- og slektshistoriske artiklar, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).

Ovenstad hadde H.M.Kongens fortenestemedalje i gull, og vart i 1929 tildelt Ridderkorset av første klasse av St. Olavs orden for sitt militære granskingsarbeid.

Kjelder

  • Norsk