Olai Ovenstad

Sideversjon per 16. sep. 2009 kl. 09:04 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Olai Ovenstad''' (f. 1870, d.1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Olai Ovenstad (f. 1870, d.1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer ein perioden på 3-4 år. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet.

Ovenstad gav og ut 2 band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF.

Kjelder