Olai Ovenstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olai Ovenstad (f. 1870, d.1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).

Ovenstad gav og ut 2 band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF.

Kjelder