Olav Aukrust

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. des. 2014 kl. 07:45 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Olav Aukrust''' (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, folkeminne- og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av d...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, folkeminne- og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.

I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.

Dei nasjonalromantiske vyene om ei germansk, nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske folkeånd skal nåast i ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.

Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av teosofien og antroposofien.