Olav Reinton

Sideversjon per 7. apr. 2014 kl. 13:10 av Kallrustad (samtale | bidrag) (tek bort "verkestad" sidan dette går greit fram av teksten)

Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.

Antakeleg sjølvportrett av Olav Reinton, kring 1910-12. Eigar: Hol bygdearkiv.

Reinton vaks opp på garden Solvang (grn. 19, bnr. 8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Olav Reinton var tilsett som heradskasserar frå 1904 til han døyddde i 1916. Han verka også som organist i Holskyrkjene.

Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han på med til han vart sjuk kring 1914. Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Reinton tok både portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Hol kommune fekk samlinga på meir enn 700 glassplater som gåve frå syskjena til Reinton. Blant desse fanst også plater etter Torbjørn Trageton.

Sjå også

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Olav Reinthon på Digitalt museum.
  • Olav Reinthon på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980.
  • Hallingdølen 11.08.1984, 08.11.1984, 19.07.1990, 21.10.1993, 08.01.1994
  • Fremtiden 12.06.1989
  • Norsk fotografisk tidsskrift 83(1997) :1, s. 39
  • Upublisert materiale i Preus museum (2013)


  Olav Reinton er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!