Olav Sandåker: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenke)
(kategori)
Linje 32: Linje 32:
[[Kategori:Kunstnere]]
[[Kategori:Kunstnere]]
[[Kategori:Rosemålar]]
[[Kategori:Rosemålar]]
[[Kategori:Født i 1897]]
[[Kategori:Fødsler i 1897]]

Sideversjonen fra 21. apr. 2017 kl. 14:13

Olav Sandåker.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Olav Sandåker vart født på Sandåker i Morgedal 18. januar 1897. Han var son av Sigrid Sigurdsdotter Høgetveit og Lavrants Sveinungson. Olav var yngst av elleve syskjen. Han var gift med Anne Johannesdotter (f. 1905, d 1993.)

Liv og virke

Då Olav vart 18 år fekk han plass på Telemark Folkehøgskule som låg på Utsond i Kviteseid (der Kvitsund Gymnas ligg i dag). Her utmerka han seg i stil og diktning, og til elevbladet "Frihug" gav han mangt eit bidrag. Etter tida på folkehøgskulen meldte han seg til lærarskulene i Kristiansand, men her slutta han ikkje lenge etter. Han meldte seg i staden opp på eit tre månaders kurs ved ein kommunal handelsskule i same byen.

Olav flutte snart heimover. Han dreiv tømmerhogst og hadde andre småjobbar. Snart fekk han arbeid hjå landhandlar T. O. Trovatn på Mogen i Øyfjell. Her arbeidde han som slåttekar og krambusvein.

Kunstnaren

Ein dag Olav arbeidde i butikken på Mogen kom Sveinung Svalastog innom. Svalastog fekk sjå nokre teikningar som Olav hadde laga, og vart svært oppglødd. Han råda Olav til å gå kunstnarvegen. Men Olav heldt fram å arbeide som krambusvein - både i Kviteseid og Brunkeberg. Ei tid vart han med Knut K. Hovden i Aust-Telemark og rosemåla, og frå han fekk Olav lære mykje. I heimen hans i Lårdal skal det ha stått eit utskore kroskåp som fekk 1. premie på ei utstilling i Kviteseid i 1931 (fru kemmerherreinne fru Cappelens gåvepremie).

Medan han dreiv forretning i Kviteseid møtte han kunstnaren Erik Werenskiold og viste han nokre måleri og teikningar oppe på romet sitt. - Slutt med landhandleriet og bli kunstmaler, rådde Werenskiold han til. Olav var frista til å fylgje rådet, men var redd fattigdomen.

Olav heldt fram med rosemåling, men òg med landskaps- og portrettmåleri. Han hadde eige atelier i Lårdal, der han hadde eigde og dreiv Lårdal Fabrikker frå 1932. Der fekk han telegram frå bilethoggaren Gunnar Utsond: "Gratulerer med dagen, slutt med sagen."[1]

Olav tok eit kurs på Leon Aurdals malerskoleMajorstua og gjekk på Kunstakademiet i 1936. Motiva henta han frå landskapet i Telemark. Han måla i ein naturalistisk stil, med grove penselstrøk og sterke fargar. Han har produsert om lag 600 måleri. Ein del av desse er i dag del av samlinga til Vest-Telemark Museum, mellom anna Førnesbrunen, måla i 1937.

Spelemannen

Fela til Olav var laga av den kjende felemakaren Åsmund Hovden, og på denne spela Olav mange kjende slåttar. Han spela både til dans og på kappleik.

Kjelder

  • Olav T. Bakken, Lårdalsoga, Skien, 1978, s. 194.

Eksterne lenker