Ole E. Hagen (1852–1908): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:


Som enkjemann flytta Hagen i 1903 til Roseau County nord i Minnesota, der han homesteaded i Palmville Township. Der vart han vald til auditor (revisor) i fylket i 1908, men døydde same året utan å ha fått teke til i stillinga.
Som enkjemann flytta Hagen i 1903 til Roseau County nord i Minnesota, der han homesteaded i Palmville Township. Der vart han vald til auditor (revisor) i fylket i 1908, men døydde same året utan å ha fått teke til i stillinga.
== Avismann og forfattar ==
I Midtvesten vart Hagen kjend som journalist og romanforfattar, med radikale meiningar, ikkje minst med brodd mot kyrkje og religion. Saman med ein annan norskamerikanar, [[Torkel Oftelie]] frå Høydalsmo i Tokke i Telemark, starta han i 1893 det norskspråklege vekebladet ''[[Rodhuggeren]]'' i Fergus Falls, Otter Tail County, Minnesota. Bladet gav politisk støtte til det populistiske partiet The People’s Party. I 1898 flytta redaksjonen til Fargo, North Dakota.  Der var Rodhuggeren  slege saman med eit to andre norskspråklege blad i Fargo, ''[[Fjerde Juli]]'' og ''[[Dakota]]'', Det nye vekebladet fekk namnet [[Fram (avis i N Dakota)|Fram]], og Hagen var med i redaksjonen også der.
Hagens skjønnlitterære produksjon var ei rekkje romanar med samfunnskritisk, kulturradikal tendens, noko som vel framgår av titlar som ''Kapitalisdjævelen, Prestedom og Kristendom'' og ''Fritænkeren, Presten og Klokkeren''. I romanen ''Tilfjelds'' går han til åtak mellom anna på husmannsvesenet, kjønnsrollemønsteret og det generelle sneversynet han mintest frå heimbygda i Noreg.
== Referansar ==
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer