Oline Vassbotn Drabløs

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. feb. 2016 kl. 15:15 av Marthe Glad (samtale | bidrag) (bare ei lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Oline Vassbotn Drabløs (fødd 1894 – død 1989) var bunadsforkjempar og bondekvinne frå Volda kommune. Ho var dotter av diktaren og stortingsmann Anders Vassbotn. Ho gjekk eit år på Møre folkehøgskule i Ørsta. Opphaldet vakte eit engasjement som skulle vare livet ut. Ho var òg ein aktiv biletvevar.

Oline overtok og dreiv farsgarden i Vassbotn saman med ektemannen Ole Drabløs frå Sykkylven. Ho voks opp i eit politisk og kulturelt aktivt miljø og hadde spesiell interesse for å spreie kunnskapen om bunadskulturen på Sunnmøre, som fekk ein oppsving kring midten av 1920-åra. Når ho monterte bunader, pynta ho ikkje på dei, men kopierte trufast teknikk og utføring frå eldre plagg.

Oline Vassbotn Drabløs var aktiv medlem i Sunnmøre Husflidslag i 31 år, og leiar i Volda Husflidslag. Ho var Statens representant i styret for Sunnmøre Museum frå 1956-1970, og ga råd når dei byrja å samle inn klede og tekstilar frå eldre tid. Ho var òg ein av informantane til Aagot Noss si bok om Eit mellomalderplagg i levande tradisjon (1977), om køyser eller hetter.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Kjelder

  • Andenes, Gunnar (red.): Volda Husflidslag 100 år: 1906-2006, Volda 2006.
  • Edvard Molvær: Sunnmøre museum, 1931-1981, Ålesund 1983.
  • 100 år 100 navn : personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørsposten forlag, Ålesund 2000

Eksterne lenkjer