Oline Vassbotn Drabløs
Oline Vassbotn Drabløs (fødd 1894 – død 1989) var bunadsforkjempar og bondekvinne frå Volda kommune. Ho var dotter av diktaren og stortingsmann Anders Vassbotn. Ho gjekk eit år på Møre folkehøgskule i Ørsta. Opphaldet vakte eit engasjement som skulle vare livet ut. Ho var òg ein aktiv biletvevar.
Oline overtok og dreiv farsgarden i Vassbotn saman med ektemannen Ole Drabløs frå Sykkylven. Ho voks opp i eit politisk og kulturelt aktivt miljø og hadde spesiell interesse for å spreie kunnskapen om bunadskulturen på Sunnmøre, som fekk ein oppsving kring midten av 1920-åra. Når ho monterte bunader, pynta ho ikkje på dei, men kopierte trufast teknikk og utføring frå eldre plagg.
Oline Vassbotn Drabløs var aktiv medlem i Sunnmøre Husflidslag i 31 år, og leiar i Volda Husflidslag. Ho var Statens representant i styret for Sunnmøre Museum frå 1956-1970, og ga råd når dei byrja å samle inn klede og tekstilar frå eldre tid. Ho var òg ein av informantane til Aagot Noss si bok Eit mellomalderplagg i levande tradisjon (1977), om køyser eller hetter.
|
Kjelder
- Andenes, Gunnar (red.): Volda Husflidslag 100 år: 1906-2006, Volda 2006.
- Edvard Molvær: Sunnmøre museum, 1931-1981, Ålesund 1983.
- 100 år 100 navn : personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørsposten forlag, Ålesund 2000