Oline Vassbotn Drabløs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oline Vassbotn Drabløs (fødd 1894 – død 1989) var bunadsforkjempar og bondekvinne frå Volda kommune. Ho var dotter av diktaren og stortingsmann Anders Vassbotn og hennar oldermor var Sisilie Aarflot, dotter av Sivert Aarflot. Ho gjekk eit år på Møre folkehøgskule i Ørsta. Opphaldet vakte eit engasjement som skulle vare livet ut. Ho var òg ein aktiv biletvevar.

Oline overtok og dreiv farsgarden i Vassbotn saman med ektemannen Ole Drabløs frå Sykkylven. Ho voks opp i eit politisk og kulturelt aktivt miljø og hadde spesiell interesse for å spreie kunnskapen om bunadskulturen på Sunnmøre, som fekk ein oppsving kring midten av 1920-åra. Når ho monterte bunader, pynta ho ikkje på dei, men kopierte trufast teknikk og utføring frå eldre plagg.

Oline Vassbotn Drabløs var aktiv medlem i Sunnmøre Husflidslag i 31 år, og leiar i Volda Husflidslag. Ho var Statens representant i styret for Sunnmøre Museum frå 1956-1970, og ga råd når dei byrja å samle inn klede og tekstilar frå eldre tid. Ho var òg ein av informantane til Aagot Noss si bok Eit mellomalderplagg i levande tradisjon (1977), om køyser eller hetter.


Kjelder

  • Andenes, Gunnar (red.): Volda Husflidslag 100 år: 1906-2006, Volda 2006.
  • Edvard Molvær: Sunnmøre museum, 1931-1981, Ålesund 1983.
  • 100 år 100 navn : personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørsposten forlag, Ålesund 2000

Eksterne lenkjer


Sivert Aarflot.jpg Oline Vassbotn Drabløs er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.