Oplandenes Avis: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Avishode for Oplandenes Avis sin første-utgave Avishode for Oplandenes Avis sin første-utgave 03. 07. 1872.jpg|Avishovudet for fyrsteutgåva 3. juli 1872.}} '''Oplandenes Avi…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
'''[[Oplandenes Avis]]''' kom ut på [[Hamar]], den største byen på [[Opplanda]], frå 1872-1916.
'''[[Oplandenes Avis]]''' kom ut på [[Hamar]], den største byen på [[Opplanda]], frå 1872-1916.


Ho vart skipa av [[Olaus Arvesen]] (1830-1917), kjend målmann og [[Venstre]]-politikar på Hamar. Saman med [[Herman Anker]] hadde han i 1864 oppretta [[Sagatun folkehøgskole|Sagatun]], den fyrste folkehøgskolen i Noreg. Arvesen nytta fyrst si eige vekeavis ''[[Kirkeligt Folkeblad]]'' som talerøyr, og frå 1866 var han dessutan redaktør av ''[[Hamar Stiftstidende]]''. I 1872 fekk han sparken frå denne, og det førte til at han same året grunnla konkurrenten ''Oplandenes Avis''. Arvesen var både redaktør, ansvarleg utgjevar og eigar av trykkjeriet som produserte bladet.   
Ho vart skipa av [[Olaus Arvesen]] (1830-1917), kjend målmann og [[Venstre]]-politikar på Hamar. Saman med [[Herman Anker]] hadde han i 1864 oppretta [[Sagatun folkehøgskole|Sagatun]], den fyrste folkehøgskolen i Noreg. Arvesen nytta fyrst si eiga vekeavis ''[[Kirkeligt Folkeblad]]'' som talerøyr, og frå 1866 var han dessutan redaktør av ''[[Hamar Stiftstidende]]''. I 1872 fekk han sparken frå denne, og det førte til at han same året grunnla konkurrenten ''Oplandenes Avis''. Arvesen var både redaktør, ansvarleg utgjevar og etter kvart eigar av trykkjeriet som produserte bladet.   


Olaus Arvesen, som sjølv sat på [[Stortinget]] for Venstre, høyrde politisk til krinsen rundt [[Johan Sverdrup]]. Oplandenes Avis var «Organ for det uavhængig frisinnede venstre». Ho kom fyrst ut to gonger i veka, men auka frå 1879 til tre utgivingar og frå 1889 til seks. Arvesen fekk både [[Johan Castberg]], som i 1887 flytta til [[Mjøsa|mjøstraktene]], og [[Ivar Aasen]] til å skrive i avisa.  
Olaus Arvesen, som sjølv sat på [[Stortinget]] for Venstre, høyrde politisk til krinsen rundt [[Johan Sverdrup]]. Oplandenes Avis var «Organ for det uavhængig frisinnede venstre». Ho kom fyrst ut to gonger i veka, men auka frå 1879 til tre utgjevingar og frå 1889 til seks. Arvesen fekk både [[Johan Castberg]], som i 1887 flytta til [[Mjøsa|mjøstraktene]], og [[Ivar Aasen]] til å skrive i avisa.  


Arvesen slutta i 1906; då var han 76 år gammal. J. Konstad var redaktør ei stutt tid før [[Ivar Bergan]] overtok stillinga. [[Gerhard Jynge]] vart ny utgjevar, og avisa vart no meir høgredreidd. Politisk var det ikkje mykje som skilde avisa frå konkurrenten ''Hamar Stiftstidende'', og i 1916 gjekk fleire «framståande menn» i [[Hedemarkens amt]] i hop om eit nytt aksjeselskap for å slå dei to avisene saman. 30. juni 1916 kom Oplandenes Avis ut for siste gong. Det nye presseorganet på Hamar fekk namnet ''[[Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis]]''.
Arvesen slutta i 1906; då var han 76 år gammal. J. Konstad var redaktør ei stutt tid før [[Ivar Bergan]] overtok stillinga. [[Gerhard Jynge]] vart ny utgjevar, og avisa vart no meir høgredreidd. Politisk var det ikkje mykje som skilde avisa frå konkurrenten ''Hamar Stiftstidende'', og i 1916 gjekk fleire «framståande menn» i [[Hedemarkens amt]] i hop om eit nytt aksjeselskap for å slå dei to avisene saman. 30. juni 1916 kom Oplandenes Avis ut for siste gong. Det nye presseorganet på Hamar fekk namnet ''[[Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis]]''.


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*[«Oplandenes Avis» på Allkunne.]
*[https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/nynorske-aviser-blad-og-tidsskrift/oplandenes-avis//30/86396/ «Oplandenes Avis» på Allkunne.]
*{{NBL-artikkel|https://nbl.snl.no/Olaus_Arvesen|Olaus Arvesen}}
*{{NBL-artikkel|https://nbl.snl.no/Olaus_Arvesen|Olaus Arvesen}}
== Sjå òg ==
*[[:Kategori:Avisklipp fra Oplandenes Avis|Avisklipp frå Oplandenes Avis]]


[[Kategori:Aviser]]
[[Kategori:Aviser]]

Sideversjonen fra 24. aug. 2020 kl. 08:13

Oplandenes Avis kom ut på Hamar, den største byen på Opplanda, frå 1872-1916.

Ho vart skipa av Olaus Arvesen (1830-1917), kjend målmann og Venstre-politikar på Hamar. Saman med Herman Anker hadde han i 1864 oppretta Sagatun, den fyrste folkehøgskolen i Noreg. Arvesen nytta fyrst si eiga vekeavis Kirkeligt Folkeblad som talerøyr, og frå 1866 var han dessutan redaktør av Hamar Stiftstidende. I 1872 fekk han sparken frå denne, og det førte til at han same året grunnla konkurrenten Oplandenes Avis. Arvesen var både redaktør, ansvarleg utgjevar og etter kvart eigar av trykkjeriet som produserte bladet.

Olaus Arvesen, som sjølv sat på Stortinget for Venstre, høyrde politisk til krinsen rundt Johan Sverdrup. Oplandenes Avis var «Organ for det uavhængig frisinnede venstre». Ho kom fyrst ut to gonger i veka, men auka frå 1879 til tre utgjevingar og frå 1889 til seks. Arvesen fekk både Johan Castberg, som i 1887 flytta til mjøstraktene, og Ivar Aasen til å skrive i avisa.

Arvesen slutta i 1906; då var han 76 år gammal. J. Konstad var redaktør ei stutt tid før Ivar Bergan overtok stillinga. Gerhard Jynge vart ny utgjevar, og avisa vart no meir høgredreidd. Politisk var det ikkje mykje som skilde avisa frå konkurrenten Hamar Stiftstidende, og i 1916 gjekk fleire «framståande menn» i Hedemarkens amt i hop om eit nytt aksjeselskap for å slå dei to avisene saman. 30. juni 1916 kom Oplandenes Avis ut for siste gong. Det nye presseorganet på Hamar fekk namnet Hamar Stiftstidende og Oplandenes Avis.

Kjelder og litteratur

Sjå òg