Ovrisdalen krins

Ovrisdalen krins i Vik kommune var i 1741 skulekrins for Kinni, Risløv, Karavoll, Refsdal, Undi, Stedje, Halrynjo, Ovri og Orvedal.

Utsikt innover Ovrisdalen frå Orvedal
Foto: Pauline Eckerlein/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Frå 1862 til 1955 gjekk borna på skule på Karavoll, og frå 1955 til 1980 gjekk dei på nyeskulen i Orvedal. Ovrisdalen krins vart lagt ned frå sommaren 1980. Både elevane og læraren, Frode Helgesen, vart overførst til Flatbygdi.

Skulehus

Gamleskulen i Ovrisdalen

  • Byggeår: 1862
  • Fungerte som skule: 1862-1955
  • Anna bruksområde: Skulehuset har sidan 60-talet vore i privat eige. Skulehuset fungerer no som feriehus i Myrkdalen.

Nyeskulen i Ovrisdalen

  • Byggeår: 1955
  • Fungerte som skule: 1955-1980. Fellesskule for Ovrisdalen og Seljedalen frå 1961.
  • Anna bruksområde: Privathus, grendahus, næringsverksemd

Skuleveg

Skuledagen

Lærarar

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik

Digitale kjelder

Koordinater: 61.03850° N 6.59333° Ø