Peder Thams Buschmann

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2016 kl. 09:45 av Kallrustad (samtale | bidrag) (→‎Kjelder: korrektur)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Thams Buschmann (1762-1845) var sokneprest i Ulstein prestegjeld i perioden 1798-1822. Han var fødd i Nesna, der faren Augustinus Buschmann var sokneprest. Mor hans var Anna Barbara Thams.

Peder Thams Buschmann fekk teologisk eksamen i 1787, og same året vart han personleg kapellan hos faren, som då var sokneprest i Frosta prestegjeld. I 1798 vart han utnemnt som sokneprest i Ulstein prestegjeld på Sunnmøre, og i perioden 1818-1823 var han også prost på Sunnmøre. I 1822 vart han utnemnd som sokneprest i AureNordmøre. Her døydde han i 1845.

Peder Thams Buschmann vart i 1798 gift med Elen Johanne Buschmann (1777-1806). Paret fekk tre born. Etter at kona hans døydde i 1806, vart han året etter gift med Christine Schreuder (1780-1810), dotter til sokneprest i Vanylven prestegjeld, Peder Schreuder. I dette ekteskapet fekk Thams Buschmann to barn.

Buschmann vart rekna for å vere ein stor patriot, og i etterkant av flåteranet i København i 1807 vart han utpeika som sjef for kystverndistriktet på Søre Sunnmøre. Han har også vore karakterisert som rasjonalist og framstegsvennleg. Våren 1814 var han valmann for Ulstein prestegjeld. I 1818 vart Peder Thams Buschmann innvald som representant på Stortinget frå Romsdals amt.

Kjelder

  • Lampe, J. F.: Bergens stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretningaer, s. 222-223.
  • Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740-1870, s. 172, 199, 214, 242.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 330.