Plassefolk på Kvamme i Stryn (Gnr 17)

Sjå meir om gard og grend på Kvamme i Oldedalen.

Håvardplassen

Inge Melkevoll skriv:

"Denne plassen låg under Nigard og Håvard var truleg ein av sønene på bruket. Ein kan enno sjå kvar husa stod. Han hadde både stove og fjøs pluss ei utmarkslade med plass til omlag 20 høybørar. Håvard-slåtten, Håvardteigen og Håvardsteinen er namn som minner om denne plassemannen.

Plassen vart nedlagt så tidleg at ingen veit kvar folket her vart av, men det er rimeleg at også desse har funne vegen til Amerika.

I Utogned fortel dei:

Husa låg ovanfor der Ingebrigthusa er no. Håvardnamn: Håvaledet. Håvaslåtten var truleg ein skogaslått som høyrde til plassen.

Bruka på Kvamme: Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamme øvre Kvamsland Solbakken Fjelltun Plassefolk