Portugisarjødar: Forskjell mellom sideversjoner

Lagt inn bolk om musikk. Skal korte ned litt og fjerne uaktuelle raudlenkjer når eg får tida.
Ingen redigeringsforklaring
(Lagt inn bolk om musikk. Skal korte ned litt og fjerne uaktuelle raudlenkjer når eg får tida.)
Linje 49: Linje 49:


I [[Hamborg]] og i [[Slesvig-Holsten]] — og dermed i stor grad òg blant portugisarjødar i [[Danmark]], [[Göteborg]] og meir sporadisk i [[Noreg]] — vart hovudspråket, og ganske snart morsmålet òg, '''[[nedertysk]]''' (òg kalla plattysk eller lågtysk). Dette kan nok delvis ha med det å gjera at «modersamfunnet» i [[Amsterdam]] i hovudsak kommuniserte på det svært nærskyldte språket [[nederlandsk]], men det har òg med det å gjera at nedertysk både var det lokale hovudspråket kring [[Hamborg]] og var eit viktig handelsspråk frå [[mellomalderen]] og langt opp mot vår tid. Enda ein grunn ein ikkje kan sjå bort frå, er at bruken av nedertysk kan ha vore delvis motivert av [[naboopposisjon]] til dei asjkenaziske jødane, som med sitt morsmål, [[jiddisch]], snakka eit språk av [[høgtysk]] type.
I [[Hamborg]] og i [[Slesvig-Holsten]] — og dermed i stor grad òg blant portugisarjødar i [[Danmark]], [[Göteborg]] og meir sporadisk i [[Noreg]] — vart hovudspråket, og ganske snart morsmålet òg, '''[[nedertysk]]''' (òg kalla plattysk eller lågtysk). Dette kan nok delvis ha med det å gjera at «modersamfunnet» i [[Amsterdam]] i hovudsak kommuniserte på det svært nærskyldte språket [[nederlandsk]], men det har òg med det å gjera at nedertysk både var det lokale hovudspråket kring [[Hamborg]] og var eit viktig handelsspråk frå [[mellomalderen]] og langt opp mot vår tid. Enda ein grunn ein ikkje kan sjå bort frå, er at bruken av nedertysk kan ha vore delvis motivert av [[naboopposisjon]] til dei asjkenaziske jødane, som med sitt morsmål, [[jiddisch]], snakka eit språk av [[høgtysk]] type.
== Musikk ==
[[image:Hesqui.jpg|thumb|right|300px|<flashmp3>Casseres hesqui.mp3</flashmp3><br/>Frå eit handskrive manuskript: Dei første taktene av ''Hesqui hesqui'' av [[Abraham de Casseres]].
]]
=== Historie ===
Den liturgiske musikken til portugisarjødane skil seg ut frå annan [[sefardisk musikk]] ved at han er påverka av [[barokkmusikk]] og [[klassisistisk musikk]] i relativt høg grad. Alt i [[1603]] veit vi at dei bruka [[cembalo]] i gudstenestene i dei portugisarjødiske esnogaene i [[Hamborg]]. Særlig i Amsterdam, men i mindre grad òg i Hamburg og andre plassar, var det ei oppblomstring av [[europeisk klassisk musikk]] i esnogaene på [[1700-talet]]. Viktige komponistar på den tida inkluderer [[Abraham de Casseres]], [[Cristiano Giuseppe Lidarti]] og fleire andre. Etter inspirasjon frå eit hint i [[Zohár]], var det lenge brukelig i Amsterdam å halde ein instrumentalkonsert på fredagsettermiddagen føre [[kabbalàt sjabbát]] som ein måte å få meinigheita i rett stemning for [[fredagskveldsgudstenesta]].
Den same prosessen gikk for seg i [[Italia]], der det portugisarjødiske samfunnet i [[Venezia]] bestilte musikk frå ikkje-jødiske komponistar som [[Carlo Grossi]] og [[Benedetto Marcello]]. Eit anna senter for portugisarjødisk musikk var [[Livorno]], der det utvikla seg ein rik kantorialtradisjon som tok opp i seg tradisjonell sefardisk musikk frå heile [[Middelhavsområdet]] så vel som komponert kunstmusikk. Den musikken vart i sin tur spreidd til dei andre portugisarjødiske sentra.
[[Image:Tz 036a Ashkibenu.png|thumb|høgre|300px|Ashkibenu ([[Hasjkibénu]]) frå the [[Spanish and Portuguese Jews’ Congregation in London]], harmonisert av [[Emanuel Aguilar]].]]<br clear="left" />
==== Kor ====
Alt på [[1600-talet]] vart det bruka fleirstemmig kor i gudstenesten på helgedagar i Amsterdam. I London vart korsong innført seinare &mdash; tidlig på [[1800-talet]]. I dei fleste falla har kora berre hatt mannlige medlemmar, men i [[Curaçao]] vart kvinner inkludert i koret alt i [[1863]]. Dei første åra var det [[meḥiṣṣá]] (skilje) mellom kvinne- og mannsdelen av koret.
==== Instrumentalmusikk ====
[[image:Snoa orgel.jpg|thumb|right|300px|[[Pipeorgel]]et i [[Mikvé Israel–Emanuel]] på [[Curaçao]] vart sett inn på andre halvdelen av 1800-talet. {{byline|Mingo Hagen, 2008.}}]]
Det finst kjelder som viser at instrumentalmusikk vart bruka i synagogar i Italia og Hamburg frå først på [[1600-talet]] av, og nokre få tiår seinare veit vi at det vart bruka instrumentalmusikk i synagogen i Amsterdam òg. Likeleis kjenner vi til at instrument vart bruka i ein synagoge i det hovudsaklig asjkenaziske samfunnet [[Praha]] relativt tidlig. Som i de fleste andre jødiske samfunna var regelen dei aller fleste plassane at instrumentalmusikk ikkje vart bruka på [[sjabbát]] eller [[jom tób]].
Hovudregelen i dei portugisarjødiske samfunna er at [[pipeorgel]] ''ikkje'' blir bruka under gudstenester. Det finst likevel ein del unntak frå den regelen, særlig i [[Frankrike]] ([[Bordeaux]] og [[Bayonne]]), [[USA]] ([[Savannah, Georgia|Savannah]], [[Charleston, South Carolina|Charleston]], [[Richmond, Virginia|Richmond]]) og [[Karibia]] ([[Curaçao]]). På desse plassane kom pipeorgla i bruk i løpet av [[1800-talet]], parallelt med utviklinga i [[reformrørsla i jødedommen]]. I Curaçao, der den tradisjonelle meinigheita sette inn orgel i andre halvdelen av [[1800-talet]], vart orgelspel på [[sjabbát]] etter kvart godteke, så lenge organisten ikkje var jødisk.
I dei meir ortodokse menigheitene, slik som London og New York City, blir gjerne eit flyttbart tangentinstrument (f.eks. [[piano]], [[el-orgel]] eller [[el-piano]]) bruka i samband med [[jødiske bryllaup|bryllaup]] og [[bat miṣvá|benót miṣvá]] (men aldri på [[sjabbát]] eller [[jom tób]]) på liknande vis som i mange [[asjkenazisk jødedom|asjkenaziske]] meinigheiter på dei same plassane.
[[image:Colanesama.jpg|thumb|right|300px|«Col a-nesama» («[[Kol hannesjamá]]»). (Frå eit kantorhefte frå Amsterdam på [[1700-talet]].)]]
=== Novarande oppføringspraksis ===
Den portugisarjødiske kantorialstilen held seg i hovudtrekk til dei generelle sefardiske prinsippa at kvart ord blir sunge høgt heller enn mumla eller lese stille og at det meste av ritualet blir framført kollektivt heller enn solistisk. [[Ḥazzán]]en (kantoren) sin rolle er typisk sett å leie allsongen heller enn å vera solist. Dermed er det òg mykje større vekt på korrekt uttale og kjennskap til [[musikalsk minhág]] enn på solistisk stemmekvalitet. I dei delene av gudstenesta der ḥazzánen tradisjonelt har ein meir solistisk rolle, blir basismelodiane utbrodert og ornamentert etter dei generelle prinsippa frå [[barokk oppføringspraksis]]. To- og trestemmig song er relativt vanlig, og [[Edwin Seroussi]] har vist at denne fleirstemmigheita er ei forenkla utgåve av meir komplekse, 4-stemmige harmoniseringar i skriftlige kjelder frå [[1700-talet]].
Resitativstilen i dei sentrale delene av gudstenesta, slik som ''[[Ngamidá]]'' (den ståande, stille bøna), ''[[Tehillím]]'' (Davidssalmane) og ''[[tengamím]]'' (resitasjonen av [[Torá]] og [[Haftará]]) har mange fellestrekk med dei same elementa i andre [[sefardím|sefardiske]] og [[mizraḥím|mizraḥiske]] samfunn. Dei største likheitene er med ritualet på [[Gibraltar]] og i kystbyane i det nordlige [[Marokko]], ettersom portugisarjødiske meinigheiter ofte rekrutterte sine ḥazzaním frå desse plassane. Eit fjernare slektskap finst med andre nordafrikanske og irakiske tradisjonar så vel som med den eldre [[bené Roma|italienske]] tradisjonen. [[Syriske jødar]] og [[osmanske sefardím]] er til dels meir ulike, ettersom desse tradisjonane i mykje større grad har teke opp i seg meir moderne musikk frå Middelhavsområdet og frå arabisk kultur.
I andre deler av gudstenesta, og ganske særlig ved spesielle anledningar som [[jamím tobím]] (heligdagar), [[sjabbát Beresjít]] og feiringa av årsdagen for innviinga av synagogen, blir dei tradisjonelle melodiane og resitativa ofte erstatta med metriske og harmoniserte komposisjonar i europeisk klassisk stil. Dét gjeld ikkje på [[rosj hasjaná]], på [[kippúr]] og på [[tisjngá beáb]]; på dei dagane har gudstenesta eit mykje meir arkaisk preg.


== Portugisarjødar i Skandinavia ==
== Portugisarjødar i Skandinavia ==
Veiledere, Administratorer
58 567

redigeringer