Rønnaug Frisvoll: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Rønnaug Jonsdotter Frisvoll''' (fødd i Lom 1812) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukara...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Rønnaug Frisvoll|Rønnaug Jonsdotter Frisvoll]]''' (fødd i [[Lom]] 1812) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i [[Garmo sokn]], der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.
'''[[Rønnaug Frisvoll|Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord)]]''' (fødd i [[Lom]] 1812) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i [[Garmo sokn]], der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.  


Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og [[Skjåk]] kommunar), Det var på dette tidspunktet [[Magnhild Olsdotter Sperstad|Magnhild Sperstad]], som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.
Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og [[Skjåk]] kommunar). Det var [[Magnhild Olsdotter Sperstad|Magnhild Sperstad]], som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.


Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå Kjæstad i Lom (1806-1896). Foreldra åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad. Tosten var odelsgut og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, [[Richard Andvord|Richard]], som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn.  
Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Foreldra åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad. Tosten var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, [[Richard Andvord|Richard]], som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn.
 
Familien på Stamstad brukte Andvord som familienamn, etternamnet var altså ikkje adresse til garden dei dreiv, som det vanlege var innan bondestanden. Familien tilhøyrde definitivt til eliten i dette bygdesamfunnet. Også bestefar til Tosten hadde vore lensmann. Og gardsnamna Frisvoll, Stamstad, Kjæstad, Sukrust og Andvord figurerer blant dei store gardane i Lom, med ættemedvitne eigarfamiliar som i utstrekt grad gifta seg inn i kvarandre. Rønnaug skreiv seg sikkert også for Andvord etter at ho gifta seg.


I folketeljinga 1865 er Rønnaug og Tosten oppførde som føderådsfolk på Nordgard Stamstad. Enda nokre år seinare, i 1869, kjøpte så Tosten den same garden på nytt, men også denne gongen selde han att etter eit knapt års tid. Ut over dette framgår det ikkje av gjennomgådde kjelder kva Rønnaug og Tosten livnærde seg av anna enn Rønnaug si årlege godtgjersle som jordmor.
I folketeljinga 1865 er Rønnaug og Tosten oppførde som føderådsfolk på Nordgard Stamstad. Enda nokre år seinare, i 1869, kjøpte så Tosten den same garden på nytt, men også denne gongen selde han att etter eit knapt års tid. Ut over dette framgår det ikkje av gjennomgådde kjelder kva Rønnaug og Tosten livnærde seg av anna enn Rønnaug si årlege godtgjersle som jordmor.
== Kjelder og litteratur ==
*[[Bruker:Hans P. Hosar|Hosar, Hans P.]]: ''Skjåk bygdebok band 3''. Side 216-217.
*[[Jon Kolden|Kolden, Jon]] og [[Bruker:Arnfinn Kjelland|Kjelland, Arnfinn]]: ''Bygdabok for Lom'', bind 1 side 154-155 og bind 2 side 458-459. Lom kommune 2000 og 2002.
{{DEFAULTSORT:Frisvoll, Magnhild Olsdotter}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Jordmødre]]
[[Kategori:Fødsler i 1812]]
[[Kategori:Lom kommune]]
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer