Rasmus Jensson Kruna

Rasmus Jensson Kruna (fødd kring 1702, død kring 1759) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå Hellegård og gifte seg kring 1722 med enkja Anna Andersdotter frå Leirdalen i Luster.

Rasmus og Anna dreiv frå 1722 bruket hennar i Leirdalen, men flytte kring 1730 til Jostedalen. Dei dreiv fyrst Hellegård, men bytte kring 1738 til seg grannegarden Kruna der dei vart buande levetida ut. Dei fekk sju born i lag.

Rasmus er nemnd som lagrettemann i Jostedalen i 1742.[1]

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 827. (digital utgåve, NBdigital)